Hundvåkøy kyrkje

Hundvåkøy kyrkje er ei kyrkje med rektangulær form i Austevoll kommune i Vestland.

Hundvåkøy kyrkje
kyrkje
Foto: Sonja
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Austevoll
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Fana
Sokn Austevoll
Fellesråd Austevoll
Arkitekt Planconsult a/s
Material Lettbetong, tre mm.
Innvigd 1990
Takryttar I vest
Klokker 1, 1700 (frå Amsterdam)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Peter Radtke, 1990
Døypefont 1990
Altartavle Forstørra bilete frå fløydørene frå altarskap i gamle Austevoll kyrkje[1]
Orgel Allan (digitalt)
Kart
Hundvåkøy kyrkje
60°06′17″N 5°10′11″E / 60.1047°N 5.1698°E / 60.1047; 5.1698
Wikimedia Commons: Hundvåkøy kirke

Kyrkja står på den gamle kyrkjestaden for Austevoll kyrkje, der gamlekyrkja vart riven i 1890–91. Kyrkja vart teikna av Planconsult a/s, oppført i 1989–90 og innvigd i 1990.[2] I tillegg til kyrkjesal inneheld bygget sakristi og div. andre birom. Bygget vert i dag titulert som kyrkje av fellesrådet.[3]

På kyrkjegarden står eit eldre båre- og klokkehus, men klokka er overført til takryttaren på kyrkja.

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Rasmussen (1993)
  2. Framstillinga her bygger på «Norges kirker», medan kyrkjeleksikonet har ein litt annan versjon.
  3. Austevoll kyrkjelege fellesråd.

Bakgrunnsstoff endre

Kursiv tekst