Hundvin kyrkje står på Hundvin i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje frå 1936. Kyrkja vart sett opp etter typeteikningar frå Riksarkitektkontoret.

Hundvin kyrkje
Hundvin kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Hundvin
Fellesråd Alver
Type Langkyrkje
Arkitekt Riksarkitektkontoret, typeteikningar[1]
Material Tre
Innvigd 9. desember 1936[1]
Kyrkjegard Vigsla 1884
Sitjeplassar 290[2]
Kart
Hundvin kyrkje
60°40′31″N 5°12′57″E / 60.6752°N 5.2158°E / 60.6752; 5.2158
Wikimedia Commons: Hundvin kyrkje
Hundvin kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Hundvin kyrkje
Alteret i Hundvin kyrkje.
Altertavla er måla av Wilhelm Bjørknes. I tekstfeltet står det: "Du gjer deg strev og uro med mange ting, men det er eitt som trengst! Luk. 10.41"

Før dei fekk kyrkja på Hundvin sokna folk i området til Lygra kyrkje. I 1884 vart det vigsla gravplass på Hundvin. Kyrkja vart bygd ved gravplassen i 1936.

Hundvin kyrkje er soknekyrkje i Hundvin sokn i Nordhordland prosti. Soknet vart skild ut frå Lindås sokn i 1998.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre