Hunstad kyrkje

kyrkje i Bodø

Hunstad kyrkje er ei kyrkje frå 2013 i Bodø, i Innstranden sokn. Kyrkja er ei av få kyrkjer i Noreg som er bygd integrert i eit bygningskompleks. Ho har 400 sitjeplassar og er utsmykka av kunstnaren Tor Lindrupsen.

Hunstad kyrkje
kyrkje
Korpartiet i Hunstad kyrkje
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Bodø
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Sør-Hålogaland
Prosti Bodø domprosti
Sokn Innstranden
Fellesråd Bodø
Arkitekt Johnny Kristensen, U2 Arkitekter[1]
Teknikk Mur
Innvigd 2013[1]
Kyrkjegard Nei
Sitjeplassar 400[1]
Diverse Kyrkja er integrert i eit bygningskompleks [2]
Kart
Hunstad kyrkje
67°16′57″N 14°32′32″E / 67.2824°N 14.5421°E / 67.2824; 14.5421
Wikimedia Commons: Hunstad kirke

Hunstad kyrkje vart teikna av U2 arkitekter og hadde eit budsjett på 84 millionar då ho stod ferdig i 2013. I same komplekset som kyrkja er det ungdomsskole, bibliotek, kafé og fritidssenter, noko som gjer kyrkja spesiell i norsk samanhang.

Kyrkja fekk orgel i 2018.[3]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Hunstad kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja. 
  2. Hunstad kirke – U2 Arkitekter.
  3. Innvielse av nytt orgel – Innstranden kyrkjelyd