Hurva-synagogen var hovudsynagogen i Jerusalem på 1500-talet, og kanskje tidlegare. Han var bygd nærme ruinane av ein tidlegare synagoge tradisjonelt tillagt den rabbinske autoriteten Moses ben Nahman (Nahmanides, haRamban).

Hurva-synagogen

Stilneobysantinsk arkitektur
Kart
Hurva-synagogen
31°46′30″N 35°13′53″E / 31.7751°N 35.23135°E / 31.7751; 35.23135

Historie endre

Hurva-synagogen vart stengd av dei daverande osmanske styresmaktene i 1589 etter muslimsk press. I 1700 vart eigedommen kjøpt av rebbi Yehuda Chasid og dei par hundre tilhengarane hans. Dei byrja på nybyggjinga av synagogen ein del år seinare, men kom i økonomisk uføre, og synagogen med sine 40 torárullar vart brunnen ned av muslimske kreditorar i 1721 – derav namnet «hurva», som tyder ‘øydelegging’ på hebraisk. Synagogen vart seinare atteroppbygd att av askenasiske sionistar på 1830-talet og atterinnvigd i 1864 som den mest høgprofilerte synagogen i Jerusalem. Da synagogen vart teken av Den arabiske legionen frå Jordan under slaget om Gamlebyen i Jerusalem i 1948, sprengde dei han i lufta med dynamitt for å vise at dei kontrollerte Det jødiske kvarteret.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hurva-synagogen