Husbukk

insektart
Husbukk
Husbukk
Husbukk
Status
Status i Noreg: VU Sårbar[1]
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Biller Coleoptera
Familie: Trebukkar Cerambycidae
Slekt: Hylotrupes
Art: Husbukk H. bajulus
Vitskapleg namn
Hylotrupes bajulus

Husbukk er ei bille i trebukkfamilien. Arten finst over store delar av verda og er eit frykta skadedyr. Det er larvane som gjer skaden, då dei lever av daudt tre. Trugsmålet er verst mot hus bygd i furu og andre bartre.

Utbreiing endre

Husbukken har eit enormt utbreiingsområde, noko som har med transport av tømmer å gjera. Arten sitt opphav er lenger sør i Europa, men i dag finn ein han òg i Nord-Amerika, Kina, Midtausten, Nord-Afrika og tilmed i Perth i Australia.

Ein reknar med at eksemplara i Noreg stammar frå importert trevirke. Ein kjenner arten i dag frå varme kyststrok frå Hvaler kommune til Trøndelag, samt i Sauherad kommune i Telemark. Det har òg førekome funn i Oslo-området, men her finst han ikkje i dag.

Levesett endre

Lyden av ein husbukk som et.

Husbukken sine larvar gneg på daudt og gamalt trevirke, særleg i hus. Arten sitt livsløp er godt studert her i landet, kor han berre er funnen i bygnadar. Som regel tek det tre til fem år før larvane forpuppar seg, men under særs dårlege tilhøve kan det gå så mykje som 18 år. Den viktigaste variabelen i Noreg er sommartemperatur.

Forpuppinga skjer om våren. Dei vaksne insekta klekkar frå juni og utover.

Kjelder endre

  1. «Artsdatabankens rødliste for arter». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 1. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Husbukk