Hussmett

art av sporvefuglar
Hussmett
Hussmett, Troglodytes aedon
Hussmett, Troglodytes aedon
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Hussmett
Utbreiinga av Hussmett
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Underorden: Passeri
Familie: Gjerdesmettfamilien Troglodytidae
Slekt: Troglodytes
Art: Hussmett T. aedon
Vitskapleg namn
Troglodytes aedon

Hussmett (Troglodytes aedon) er ein mykje liten songfugl i gjerdesmettfamilien, Troglodytidae. Leveområdet er frå Canada i nord ned til sørlegste Sør-Amerika, og fuglen finst i dei fleste forstadsområde eller område med folkesetnad der han ofte den mest vanlege gjerdesmettarten. Taksonomien er særs kompleks og nokre grupper av underartar vert ofte sett på som sjølvstendige artar.

Vaksne hussmettar er 11-13 cm lange og veg ca 12 gram. Utsjånaden varierer sterkt, avhengig av underart. Oversida kan vere alt frå kjedeleg gråbrun til rik raudbrun, og undersida spenner frå brun, over brungul og bleik grå, til heilt kvit. Alle underartar har mørke tverrstriper på venger og hale, og somme også på kroppsidene. Alle underartar viser ein svak augering og ein augebrun. Nebbet er langt, smalt med mørkt overnebb, og eit gulaktig eller bleikgrått undernebb, svart på spissen. Beina er rosa eller grå. Den korte halen er vanlegvis reist opp.

Ein høyrer ofte den kraftige, boblande songen i hekkesesongen, men sjeldan etterpå. Det er markerte geografiske variasjonar i song, men noko meir moderat enn det variasjonen i utsjånad skulle tilseie. Fuglar lengst sør har likevel song som skil seg markant frå dei lengst nord.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hussmett