Hustad

tidlegare kommune i Møre og Romsdal fylke i Noreg

Hustad er ei bygd i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal. Hustad var eit eige herad fram til 1964. Det blei oppretta då Bud herad blei delt i to 1. juli 1918. Hustad herad hadde ved opprettinga 2062 innbyggarar.

Hustad
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Hustadvika
Postnummer 6433 HUSTAD
Kart
Hustad kommune
62°57′20″N 7°05′20″E / 62.955556°N 7.088889°E / 62.955556; 7.088889

1. januar 1964 blei Hustad herad slått saman med Bud og Fræna herad til den nye Fræna kommune. Hustad hadde då 2196 innbyggarar.

Folketalsutvikling endre

Folketalsutvikling for tidlegare Hustad kommune frå 1918 til 1964:

1.7.1918[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[1]
2062 2068 2102 2299 2212 2191 2196

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Bud 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå