Hvar (italiensk Lesina) er ei øy i Adriahavet utanfor kysten av Dalmatia i Kroatia. Lengda på øya frå aust til vest er om lag 80 km.

Hvar
Hamna i landsbyen Hvar
Hamna i landsbyen Hvar
Geografi
Stad Adriahavet
Koordinatar 43°08′N 16°44′E

Areal 297,37 km²

Administrasjon
Land Kroatia
Fylke Split-Dalmatia.
Største busetnad Hvar (4 138 innb.)

Demografi
Folketal 11 103 (2001)
Folketettleik 37 /km²

Fleire andre øyar ligg rundt Hvar, og sunda mellom desse øyane heiter Hvarsundet (mellom Hvar og Brač) (Hvarski kanal), Vissundet (Vis), Korčulasundet (Korčula), og Neretvasundet (Pelješac), medan austsida av øya berre ligg om lag tre nautiske mil frå fastlandet.

Dei største busetnadane på øya er:

Utsyn over landsbyen Hvar frå Borga
  • Landsbyen Hvar (folketal 4 138 i 2001). Her vart det det første offentlege teateret i Europa bygd. Det opna i 1612.
  • Stari Grad, ligg nord på øya (folketal 2 817 i 2001), ein av dei første busetnadane på dei adriatiske øyane i antikken. Stari Grad har den største hamna på øya, og dei fleste vitjande kjem her via bilferje frå Split.
  • Jelsa er ein landsby sentralt og nord på øya (folketal 3 672 i 2001)
  • Sucuraj er ein naturskjønn liten landsby (meir enn 2 300 år gamal) på austsida av øya. Folketalet er rundt 400, og folk her lev stort sett av fiske og turisme. På grunn av svært mildt klima og vakre omgivnadar kjem det mange turistar til Sucuraj.

Like sør for øya ligg det fleire mindre øyar, mellom anna Paklenski otoci i vest og Šćedro i sør.

Dei fleste innbyggjarane på Hvar arbeider med fiske eller turisme. Hvar har eit mildt middelhavsklima, vakre strender og vegetasjon typisk for Middelhavet, og er ein av dei mest attraktive turistsentera i Europa. Øya reklamerer for seg sjølv som «den mest solrike staden i Europa» med 2 715 soltimar i snitt kvart år.

Landsbyen Hvar er det største turistsenteret på øya, og her ligg ein stor offentleg plass som er open mot sjøen. I turistsesongen er hamna full av store yachtar. Nattklubbar trekkjer til seg mange ungdomar.

Ei anna stor næring på øya er dyrking av lavendel, som vert brukt i aromatiske oljer og såper. Hvar vert stundom kalla «Lavendeløya».

Hvar er òg eit av dei mest kjende vinområda i Kroatia. Vingardar på sørsida av øya er kjend for raudvinen laga av Plavac Mali-druene. Den sentrale sletta mellom Stari Grad og Jelsa er kjend for kvitvinen som vert dyrka her.

Historie endre

 
Utsyn over Stari Grad
 
Sørkysten av Hvar nær Sveta Nedjelja

300-talet fvt. vann Farosfolket over Jasadini-krigarane og deira allierte. Denne sigeren over dei mykje større styrkane er eviggjort som ein inskripsjon, ein av dei eldste kjende inskripsjonane i Kroatia.

Hvarkulturen varte frå 3500 til 2500 fvt. Venetianske sjømenn såg øya då dei segla mot Neretvasundet, og var truga av sjørøvarar frå øya. I 925 vart øya ein del av Kroatia under kong Tomislav.

Hvar er ein viktig del av kroatisk historie, og var eit av dei litterære sentera i Kroatia under renessansen, med forfattarar som Petar Hektorović og Hanibal Lucić. I Stari Grad kan ein sjå Petar Hektorovic sin festning/villa kalla Tvrdalj (Tøff stad), som var teikna av forfattaren sjølv.

Kyrkjer på øya inneheld mange viktige måleri og kunstverk av vidkjende venetianske kunstnarar, inkludert Tinoretto, Veronese, Bellini og andre.

Ivan Vučetić, personen som perfeksjonerte fingeravtrykk tidleg på 1900-talet, kom frå Hvar. Den mest vidkjende personen frå Hvar i dag er fotballspelaren Igor Tudor, som spelar på Juventus i Italia.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre