Hylestad stavkyrkje

Hylestad stavkyrkje i Setesdal vart rive på 1600-talet, og det er ikkje mykje ein veit om denne stavkyrkja i dag. Men stavkyrkja er likevel vidgjeten på grunn av Sigurd Fåvnesbanemotiva på den eine av dei to kyrkjeportalane som vart teke vare på ved at dei vart sette inn i andre bygningar, og difor kunne innlemmast på 1800-talet i samlingane til Universitetets Oldsaksamling i Oslo.

Hylestad stavkyrkje is located in Aust-Agder
Plasseringa til gamle Hylestad stavkyrkje

Båe portalane frå Hylestad stavkyrkje er rikt utskorne. Den eine portalen («Hylestad I»), ein etter måten låg og liten portal, har ein serie av illustrasjonar av hendingar som kan kjennast att frå skildringane av Sigurd Fåvnesbanes drap av den store ormen Fåvne og smeden Regin i den norrøne Volsungesoga, nedskriven på 1200-talet, og i «heltedikta» i diktsamlinga Den eldre Edda. Det er ikkje kjent kvar i stavkyrkja denne portalen stod. Den andre portalen, som har det langt meir vanlege motivet for stavkyrkjeportalar, ranker ut av gapet på rovdyrhovud nedst på kvar vange, kan ha vore vestportalen i kyrkja.

Soga om Sigurd Fåvnesbane på Hylestadportalen endre

 
Venstre portalvange, «Hylestad I»
 
Høgre portalvange, «Hylestad I»

Serien med scener som gjeld Sigurd Fåvnesbane («Sigurd Fåvne-drepar») finst på båe portalvangane på den eine av portalane, kalla Hylestad I, og skal lesast frå nedst på høgre vangen og oppetter, med framhald nest på venstre vangen og oppetter. På den høgre vangen byrjar soga med ein scene som syner korleis smeden Regin, som er Sigurds fosterfar, smir eit sverd for Sigurd; medhjelparen dreg smiebelgen. I medaljongen over høgg Sigurd dette sverdet i ambolten for å sjå om det held mål. Men sverdet brest, og halve klinga fell til jorda framfor føtene på Regin. Men Regin har allereie retta merksemda si mot brotstykka av det store sverdet som Sigurd hadde fått av far sin, og som Sigurd vil ha Regin til å smi om. Dette sverdet hadde far til Sigurd hadde fått av guden Odin, og det var òg guden Odin som var skuld i at det brotna under ein strid som kosta faren livet. Regin smidde det om til eit nytt sverd som stetta alle dei krava Sigurd hadde til eit dugande sverd.

I scenen over nyttar Sigurd dette sverdet til å drepe ormen Fåvne, som kjem mot han ovanfrå. Fåvne, som var Regins bror, hadde ein gullskatt som Regin meinte å ha rett til, og ville at Sigurd skulle drepe Fåvne for at dei kunne få tak i skatten, som Sigurd henta i hola til Fåvne etterpå. Regin og Fåvne hadde dessutan broren Oter, som gudane Odin, Loke og Høne hadde drepe ved eit tidlegare høve. Skatten var den skadebota som gudane måtte ut med til far til Oter og brørne hans på grunn av dette drapet. Gullet hadde gudane skaffa seg ved ved svikefull åtferd. Ei scene på portalen frå den nedrivne Lardal (Svarstad) stavkyrkje refererer seg til denne skadebota ved å syne skinnet av den flådde Oter tildekka av gull, slik det er skildra i Volsungasoga.

På den venstre vangen av Hylestadportalen er det synt korleis Sigurd steiker hjarta til ormen Fåvne over eit bål medan Regin søv. Sigurd får blod frå hjarta på fingeren, og sleikar blodet i seg, med den verknaden at han kan skjøne kva fuglane i treet over hovudet på han pratar om. På den måten får Sigurd nyss i at Regin kjem til å drepe han for å slå kloa i gullskatten, som er lasta opp på Sigurds hest; hesten står med skattkista på ryggen attmed treet. I scena over treet er synt korleis Sigurd drep Regin, fosterfaren sin; blodspruten står ut or munnen på drapsofferet.

Scena øvst på den venstre portalvangen framstiller ein annan person i soga, Gunnar, som vart kasta i ormegarden. Han spelar på harpa si for å få dei giftige ormane til å søve, og slik berge livet, men utan å lukkast. Denne hendinga høyrer kronologisk til seinare i soga, og difor skil eit horisontalt mønster denne scena frå bileta som gjeld Sigurd. Då den øvste parten av portalen er gått tapt, veit me ikkje korleis (eller om) motiva på dei to portalvangane har vore samanbundne, eller kvar ormen Fåvne kjem frå. Det kan tenkast at den øvste, manglande parten av portalen har synt at det er ein samanheng mellom det Gunnar fekk røyne i ormegarden på den venstre vangen, og det som hende med ormen Fåvne på høgre vangen.

Kristen bodskap i heiden drakt endre

 
Sigurdsristinga på Ramsundsberget i Sverige
 
Teikning av Sigurdsristinga: Sigurd drep ormen Fåvne (5), steiker ormehjarta og sleiker i seg blodet (1), skjønar språket til fuglane i treet (2) og halshøgg smeden Regin (3) medan hesten står med gullskatten på ryggen (4). Dyret (6) kan vere Regins og Fåvnes bror Oter, drepe av gudane tidlegare. Runeinnskrifta på ormen Fåvne: «Sigrid gjorde denna bro, Alriks moder Orms dotter, för själen Holmgers Sigröds fader hennes make.»

Motiv frå Volsungediktinga er òg å sjå i annan kristen mellomalderkontekst, mellom anna på kyrkjeinventar, stavkyrkjeportalar frå Austad i Setesdal, frå den nyss nemnde Lardal (Svarstad) i Vestfold, frå Vegusdal i Aust-Agder, og er dessuten å sjå i folkekunsten. Stort sett same motivet som på portalen frå Hylestad stavkyrkje i Setesdal er dessutan å sjå som kristen helleristing med runeinnskrift, den såkalla Sigurdsristinga, på ei bergflate ved Ramsundet i Jäders sokn i Södermanland i Sverige (Södermanlands runinskrifter 101), og på andre steinmonument frå vikingtid/tidleg mellomalder i Sverige. Det har vore hevda at dette er heidne motiv som vert nytta i kristen samanheng av di dei var særs populære i både heiden og kristen tid, og at Sigurd Fåvnesbane, ved å drepe den kjempestore ormen Fåvne, har vore sett på som ein helt som kunne samanliknast med dei kristne, mytiske drakedreparane som vart rekna som helgenar.

Men det kan vere meir sannsynleg at både helleristinga på Ramsundberget, volsungmotiva på stavkyrkjeportalane, Volsungsagaen og den «heltediktinga» i Den eldre Edda som gjeld same tema, målber kristne bodskap på ein annan måte enn at Sigurd vart rekna som helt. Volsungediktinga skildrar to herskerætter som utslettar ikkje berre seg sjølv og kvarandre, men dessuten slike heidne mytologiske skapnader som til dømes Fåvne, Oter og Regin er parodier på, ved å drepe eller organisere drap på grunnlag av mistru, svik, unormert kjærleik og attrå, og anna. Dette mellomalderkomplekset av ord og illustrasjonar om svik og drap set heile den heidne mytologien, kulten og samfunnsordninga inn i rammene for det kristne verdsbiletet på ein måte som godtgjer at alt heidensk var dominert av djevelen etter at han fekk makt over menneska ved å ha organisert syndefallet i Edens hage. Ved hjelp av kristne omskrivingar og omtolkingar av det som i mellomalderen var velkjende og populære myter frå heiden tid, har volsungediktinga og illustrasjonane til denne diktinga på stavkyrkjeportalar og i anna samanheng gjort det klårt for folk at heidendomen så å seie drap seg sjølv på grunnlag av sitt djevelske innhald, slik at herskerættene og samfunnet kunne fødast på nytt som kristne ved å døy ut som heidne. Meiningsinnhaldet i mykje annan kristen mellomalderkunst kan òg forklårast på tilsvarande vis[1][2]

Fotnotar endre

  1. Hoftun 2002, side 46 og 85
  2. Hoftun 2008


Litteratur endre

  • Hoftun, Oddgeir (2004), Stavkirkene – og det norske middelaldersamfunnet, Copenhagen Valby: Borgen, ISBN 87-21-01977-0 
  • Hoftun, Oddgeir (2008), Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo: Solum forlag, ISBN 978-82-560-1619-8 
  • Hohler, Erla Bergendahl. Norwegian Stave Church Sculpture I : Analytical Survey, Catalogue. Norwegian Stave Church Sculpture II : Studies, Plates. Oslo 1999: Scandinavian University Press. ISBN 82-00-12748-6 ISBN 82-00-12744-3
  • Soga om volsungane, omsett av Magnus Rindal. Oslo 1974: Det Norske Samlaget. ISBN 82-521-0300-6