I'm Afraid of Americans

I'm Afraid of Americans
Singel av David Bowie
frå albumet Earthling
A-side

Versjon 1–4 (12")

B-side

Versjon 5–6 (12")

Utgjeve 14. oktober 1997
Innspelt August 1996
Studio Looking Glass, New York City
Sjanger Industriell rock
Lengd
  • 5:00 (album)
  • Varierande (singelmiksar)
Selskap Virgin
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar)
Produsent
David Bowie-kronologi 
«Seven Years in Tibet»
(1997)
I'm Afraid of Americans «I Can't Read»
(1997)


«I'm Afraid of Americans» er ein song av den engelske musikaren David Bowie, gjeve ut på singel frå albumet Earthling i 1997. Songen var skriven av Bowie i lag med Brian Eno, og var opphavleg spelt inn under innspelinga av Outside i 1995[1] men ikkje gjeve ut før ei grov miks kom ut på musikken til filmen Showgirls. Songen vart så spelt inn på ny for Earthling. Songen vart ein topp 20-hit i Canada og nådde 66. plassen på Billboard Hot 100 og låg 16 veker på lista. Dette var den siste singelen til Bowie som nådde Hot 100 før «Blackstar» og «Lazarus» etter han døydde.

Bakgrunn endre

Bowie skildra kjenslene bak songen: «Han er eigentleg ikkje så fiendtleg mot amerikanarar som til dømes «Born in the U.S.A.»: han er berre sardonisk. Eg reiste til Java då den første McDonald's-restauranten kom der. Og det var som, «jammen for faen då.» Invasjonen av ein kva som helst homogenisert kultur er så deprimerande, oppføringa av enno ein Disney World i, til dømes Umbria, enno meir. Det kveler den urfolkskulturen og avgrensar livsuttrykket.»[2]

Utgjevingar endre

«I'm Afraid of Americans» var opphavleg spelt inn med David Richards som lydteknikar og ein grov miks kom ut på albumet for filmen Showgirls i 1995 (der refrenget er «I'm afraid of the animals,» i staden for «I'm afraid of Americans»). Han vart så spelt inn på ny for Earthling.

Ein CD-singel for «I'm Afraid of Americans» kom ut i USA og Canada. Singelen inkluderte ikkje albumversjonen av songen, men i staden fleire miksar laga av Nine Inch Nails og drum and bass-artisten Photek. Nine Inch Nails sin «V1»-miks vart meir populær enn originalversjonen, hovudsakleg på grunn av den tilhøyrande musikkvideoen, som førte til at han kom ut på somme utgåver av dei seinare samleplatene Best of Bowie (2002), Nothing Has Changed (2014), and Bowie Legacy (2016).

Showgirls-versjonen, Nine Inch Nails sin «V1»-miks og Mark Plati sin «Original Edit,» var alle på bonusplata som følgde digibook-utgåva av Earthling i 2004.

Salslister endre

Liste (1997–98) Plassering
Litauen 5
Canadian Singles Chart 14[3]
US Billboard Hot 100 66
US Modern Rock Tracks (Billboard) 27

Versjonar og remiksar endre

Tittel Miks og ekstra produksjon Lengd Ekstra
Showgirls-versjonen Dave Richards 5:12 Produsert av David Bowie og Brian Eno.
Albumversjonen Mark Plati 4:59 Produsert av David Bowie. Samprodusert av Reeves Gabrels og Mark Plati.
Original Edit Mark Plati 4:14 Produsert av David Bowie. Samprodusert av Reeves Gabrels og Mark Plati.
V1 Nine Inch Nails 5:31 Produksjon og ekstra lydspor av Nine Inch Nails. Miksa av Dave «Rave» Ogilvie. Lydteknikar var Brian Pollack i Nothing Studios.
V1 Edit Nine Inch Nails 4:30 Produksjon og ekstra lydspor av Nine Inch Nails. Miksa av Dave «Rave» Ogilvie. Lydteknikar var Brian Pollack i Nothing Studios.
V1 Clean Edit Nine Inch Nails 4:30 Produksjon og ekstra lydspor av Nine Inch Nails. Miksa av Dave «Rave» Ogilvie. Lydteknikar var Brian Pollack i Nothing Studios.
V2 Nine Inch Nails 5:51 Produksjon og ekstra lydspor av Nine Inch Nails. Miksa av Dave «Rave» Ogilvie. Lydteknikar var Brian Pollack i Nothing Studios.
V3 Nine Inch Nails 6:06 Produksjon og ekstra lydspor av Nine Inch Nails. Miksa av Dave «Rave» Ogilvie. Lydteknikar var Brian Pollack i Nothing Studios. Spesialgjest: Ice Cube.
V4 Nine Inch Nails 5:25 Produksjon og ekstra lydspor av Nine Inch Nails. Miksa av Dave «Rave» Ogilvie. Lydteknikar var Brian Pollack i Nothing Studios.
V5 Photek 5:38
V6 Nine Inch Nails 11:18 Produksjon og ekstra lydspor av Nine Inch Nails. Miksa av Dave «Rave» Ogilvie. Lydteknikar var Brian Pollack i Nothing Studios.

Nine Inch Nails: Trent Reznor, Charlie Clouser, Keith Hillebrandt, Dave «Rave» Ogilvie, Danny Lohner

Innhald endre

CD og 12"
Virgin / 8 38618 2 (USA)

A-side:

  1. «I'm Afraid of Americans» (V1) – 5:31
  2. «I'm Afraid of Americans» (V2) – 5:51
  3. «I'm Afraid of Americans» (V3) (med Ice Cube) – 6:18
  4. «I'm Afraid of Americans» (V4) – 5:25

B-side:

  1. «I'm Afraid of Americans» (V5) – 5:38
  2. «I'm Afraid of Americans» (V6) – 11:18
CD-promo
Virgin / DPRO-12749 (USA)
  1. «I'm Afraid of Americans» (V1 Edit) – 4:30
  2. «I'm Afraid of Americans» (Original Edit) – 4:12
  3. «I'm Afraid of Americans» (V3) (med Ice Cube) – 6:06
  4. «I'm Afraid of Americans» (V1 Clean Edit) – 4:30

Personnel (singel) endre

Konsertversjonar endre

Sonic Youth framførte songen i lag med Bowie på konserten hans i høve 50-årsdagen hans i New York City i januar 1997. Ein versjon framført i juli 1997 under Earthling-turneen kom ut på Look at the Moon! (Live Phoenix Festival 97) (2021), og eit anna opptak spelt inn under GQ Awards i New York City den 15. oktober 1997, kom ut på LiveAndWell.com i 2000 (og på ny i 2021). Bowie framførte songen igjen for 40-årsdagen til Howard Stern i 1998. Bowie spelte songen 25. juni 2000 på Glastonburyfestivalen som kom ut i 2018 på Glastonbury 2000.[4] Eit anna konsertopptak av Bowie, spelt inn på BBC Radio Theatre i London den 27. juni 2000, kom ut på bonusplata som følgde dei første utgåvene av Bowie at the Beeb i 2000.[5] Songen vart framført under Reality-turneen i 2003 og ein versjon spelt inn i Dublin i Irland i november 2003 vart gjeven ut på DVD-en A Reality Tour i 2004, i tillegg til konsertalbumet A Reality Tour i 2010.[6] Eit anna konsertopptak kom ut i 2021 på David Bowie At The Kit Kat Klub (Live New York 99) som ein del av plateboksen Brilliant Live Adventures.

Kjelder endre

  1. «David Bowie: The FI Interview» by J.D. Considine, Fi magazine, 1997. oktober pp 36-41
  2. «Earthling press release». Teenagewildlife.com. 25. juni 1999. Arkivert frå originalen 8. mars 2009. Henta 18. september 2021. 
  3. https://www.billboard.com/music/David-Bowie/chart-history/CNS/song/553564
  4. Collins, Sean T. (5. desember 2018). «David Bowie: Glastonbury 2000 Album Review». Pitchfork. Arkivert frå originalen 11. juli 2019. Henta 11. september 2021. 
  5. Erlewine, Stephen Thomas. «Bowie at the Beeb: The Best of the BBC Radio Sessions 68–72 – David Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 2. juli 2018. Henta 18. september 2021. 
  6. Erlewine, Stephen Thomas. «A Reality Tour – Davis Bowie». AllMusic. Arkivert frå originalen 18. august 2017. Henta 124. august 2021. 

Bakgrunnsstoff endre