Idrettsforeningen Pors

(Omdirigert frå IF Pors)

Idrettsforeningen Pors er eit idrettslag i Porsgrunn, stifta 25. mai 1905. Laget har grupper som driv med boksing, fotball, handball, innebandy, ski og turn. Pors har knapt 1000 medlemer og har base i vestre Porsgrunn.

Pors har har grupper for boksing, cheerleading, fotball, handball, innebandy, ski og turn. Tidlegare stod også bandy på programmet. Pors spelar i lyseblå drakter.

Pors deltok i Hovudserien i fotball 1947-49 og 1. divisjon i fotball 1970. Laget enda på tiande- og sisteplass med 7 poeng. Pors-spelarane Karl Skifjeld og Arnold Johannessen deltok i nokre få landskampar i tida 1949-59. I 1994 gjekk Pors saman med Odd om eit samarbeid som skulle syrgje for eit norsk topplag i Grenland. Pors fekk lite att for samarbeidet og trekte seg ut i 2009.

Boksegruppa i Pors har fostra 13 noregsmeistrar. Ein av dei, Jørn Johnson, deltok i Sommar-OL 1996 i Atlanta.

Pors arrangerte Ski-NM 1952, berre ei veke før Vinter-OL 1952 byrja i Oslo. Dei komande olympiameistrane Hallgeir Brenden og Arnfinn Bergmann vart norske meistrar, det vart også kombinertrennaren Per Gjelten.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre