iPad (/ˈaɪpæd/) er eit nettbrett (tablet) laga og produsert av Apple. Den er i hovudsak laga som ei plattform for audio-visuelle media inkludert bøker, magasin, filmar, musikk, spel, og Internett-surfing. Storleiken til iPad er mindre enn ein berbar datamaskin, men samtidig større enn ein smart-telefon. Den køyrer det same operativsystemet som iPhone og  iPod touch, nemleg iOS

 

LansertFyrste versjon: 27. januar 2010
Siste versjon: 22. oktober 2013
Skjerm9.7" (2048×1536 px (264 PPI))
OperativsystemiOS
Minne16/32/64/128GB
Batterica. 10 timar
NettverkWiFi (802.11a/b/g/n) 
KoplingMacintosh eller PC via Apples dock-tilkopling og Wifi
Storleik240 x 169,5 x 7,5 mm
Vekt469/478 gram
Nettstadhttp://www.apple.com/no/ipad/

Og akkurat som med iPhone og iPod touch vert iPad kontrollert med ein trykkfølsom skjerm (engelsk: touchscreen). iPad har støtte for WLAN(802.11n) og Bluetooth, i tillegg til innebygd 3G-støtte på ei anna type modell. Maskinen har òg maskin-til-maskin-kommunikasjon (M2M) over mobilnettet.  iPad skal kunne køyre dei fleste applikasjonane tilgjengeleg i App Store, inkludert iPhone-applikasjonar. Det har samtidig blitt lansert eit program kalla iBooks. Dette er ein e-boklesar liknande Amazon sin Kindle. Ein får kjøpt bøker via iBookstore, som leverer bøker i ePub-format. I tillegg til ePub-filer, kan iBooks lese PDF-filer.

Allereie i fjerde kvartal 2010 hadde 150 000 personar i Noreg tilgang til ein iPad, ifølgje ei undersøking av TNS Gallup, som rekna seg fram til at om lag 500 000 i Noreg kom til å eige ein iPad ved slutten av 2011.[1]

Maskina har ein bakgrunnsbelyst LED-skjerm er 25 cm stor (diagonalt) med XGA-oppløysing. Den første versjonen hadde ikkje støtte for multitasking for applikasjonar kjøpt i App Store, men vart introdusert i november 2010  [2] saman med lanseringa av iOS 4.2.

Historie endre

Forhistorie endre

Det første nettbrettet til Apple vart kalla Newton MessagePad 100, og vart introdusert i 1993. Denne leia seinare til produseringa av ARM6-prosessorkjernen med Acorn Computers. Apple laga òg ein PowerBook Duo-basert prototype av eit nettbrett, kalla PenLite, men bestemte seg for å ikkje selje den likevel for å ikkje skade salet av MessagePad. Apple lanserte nokre fleire Newton-baserte PDA-ar; den siste, MessagePad 2100, vart avvikla i 1998.

Apple gjekk inn i mobil-datamaskin-markedet på nytt i 2007 med iPhone. Mindre enn iPad, men med eit kamera og mobiltelefon, revolusjonerte det fingerfølsomme brukargrensesnittet av Apple sitt iOS det mobile operativsystemet. I slutten av 2009, hadde det gått rykter om iPad i fleire år. Dei fleste rykta gjekk om "Apple's tablet" (engelsk); under namn som iTablet og iSlate. 

Steve Jobs sa seinare at Apple byrja å utvikle iPad før iPhone, men at dei midlertidig stansa iPad-utviklinga då det gjekk opp for dei at ideane deira like gjerne kunne bli brukt i ein mobiltelefon.  [3] Kodenamnet for iPad var K48, som vart avslørt i ei rettssak om ein lekkasje av iPad-informasjon før lanseringa.

 
Steve Jobs presenterte iPad 27. januar 2010.

Første generasjon endre

Første generasjonen vart lansert 27. januar 2010 av Steve Jobs på ein pressekonferanse i Yerba Buena Center for the Arts i San Francisco.  Den var i sal i USA sida mars 2010, men kom ikkje i sal i Noreg før ni månader seinare, i desember 2010.

Andre generasjon endre

Andre versjonen, iPad 2, blei lansert i USA 2. mars 2011. I Noreg starta salet av iPad 2 25. mars. Den nye versjonen var både tynnare og lettare, hadd raskare prosessor og to kamera, eitt på baksida og eitt på framsida til bruk av FaceTime.

Tredje generasjon endre

Tredje generasjons iPad blei marknadsført som «Nye iPad» og vist fram første gong 7. mars 2012. Den nye modellen har Retina-skjerm som vil seie at enkelte pikslar ikkje skal kunne sjåast ved normal bruksavstand frå skjermen. I tillegg er det dobbelt så mange prosessorkjerner i grafikkbrikken og kamera på 5 megapiksel med HD-filming på baksida. Utforminga er for det meste lik iPad 2, men den nye modellen er 0.6mm tjukkare og veg 52 gram meir.

Fjerde generasjon endre

Den 23. oktober 2012 blei det i samband med avdukinga av nye Iad mini lansert ein vidareutvikla Ipad-modell som var basert på tredje generasjon iPad. Den mest tydelege endringa er innføringa av den nye Lightning-kontakten som erstatta den nesten 10 år gamle kontakten med 30 pinnar, som var i dei tre første iPad-modellane. Andre nyheiter er raskare prosessor og betre kamera på framsida.

Femte generasjon/iPad Air endre

Då femte generasjon av iPad vart lansert 2. november 2013, endra Apple namnet på eininga til iPad Air. Denne har ein formfaktor som liknar meir på iPad mini, og dei viktigaste skilnadane frå førre generasjon er at den er tynnare, lettare og raskare (A7-chip).

Programvare endre

Applikasjonane Safari, Mail, Meldinger, Facetime, Bilder, Videoer, Musikk, iTunes, App Store, Kart, Notat, Kalender og Kontakter følgjer alle med iPad. iPad kan òg køyre iPhone-applikasjonar frå App Store. Applikasjonane kan køyrast i både iPhone-storleik og i eit forstørra format som er tilpassa iPad-skjermen.

iWork / iLife endre

Ein iPad-tilpassa versjon av iWork og iLife kan jøpast separat til iPad. Dei tre programma Pages, Keynote og Numbers kostar i Noreg 70 kroner per stk. 22. oktober vart desse applikasjonane i tillegg til iLife-programma iMovie, Garageband og iPhoto gratis for alle nye iOS-einingar (iPad, iPhone, iPod touch) og Mac-ar.

Tilleggsutstyr endre

  • Smart Cover (skjermvern)
  • Tastatur
  • Dockingstasjon
  • Dock til USB-adapter
  • HDMI-adapter

Kjelder endre

  1. Journalisten 17. januar 2011 (Vitja 18. januar 2011)
  2. iOS 4.2 Software Update. Apples nettstad (vitja 17. desember 2010)
  3. Fox News 2. juni 2010 (Vitja 17. juli 2011)

Bakgrunnsstoff endre