«I Feel Fine»
Singel av The Beatles
B-side

«She's A Woman»

Språk engelsk
Utgjeve 23. november 1964 (USA)
27. november 1964 (UK)
Innspelt Abbey Road
18. oktober 1964
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:18
Selskap Parlophone R5160 (UK)
Capitol 5222 (USA)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«If I Fell»
(1964)
«I Feel Fine» «Ticket to Ride»
(UK-1965)
---
«Eight Days a Week»
(US-1965)


«I Feel Fine» er ein riff-driven rockesong, hovudsakleg skriven av John Lennon, men kreditert til Lennon/McCartney. Han vart gjeven ut i 1964 av The Beatles som den åttande singelen deira i Storbritannia. Songen nådde toppen av salslista den 12. desember same året og erstatta The Rolling Stones sin «Little Red Rooster». Han låg på toppen av lista i fem veker. B-sida til singelen var «She's A Woman». Songen nådde òg toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 seint i 1964. I Noreg gjekk songen inn på VG-lista i midten av desember 1964 og låg på førsteplassen i heile seks veker. Totalt låg han 11 veker inne på Topp 10.

«I Feel Fine» oppstod frå det karakteristiske gitarriffet, skrive av Lennon medan dei var i studio for å spele inn «Eight Days a Week». Under innspelinga av songen hadde The Beatles fått meir erfaring med studioinnspelingar og «I Feel Fine» er eit av dei første døma på bruk av feedback som ein effekt i ein song, som artistar som Jimi Hendrix, The Kinks og The Who seinare skulle nytte mykje.[1]

Songen startar med ein enkel, slått tone på McCartney sin bass som varer og varer før tonen til slutt vert omforma og forvrengd av feedback. Då McCartney slo tonen i studio bøygde Lennon seg med eit uhell inn mot forsterkaren og mikrofonen på gitaren hans fanga opp lyden og feedback oppstod. Beatles var forbausa over resultatet og bad produsent George Martin få lyden med på innspelinga.[2]

I USA vart songen gjeve ut på Capitol-albumet Beatles '65. I Storbritannia vart songen gjeve ut på plata A Collection of Beatles Oldies, Past Masters Vol 1 og Beatles 1.

Medverkande endre

Per Ian MacDonald[3]

Salslister og salstrofé endre

The Beatles endre

Liste (1964) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[4] 3
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[5] 3
Canada Top Singles (RPM)[6] 1
Irland (IRMA)[7] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[8] 1
New Zealand (Lever Hit Parades)[9] 1
Noreg (VG-lista)[10] 1
UK Singles (Official Charts Company)[11] 1
US Billboard Hot 100[12] 1
US Cash Box Top 100[13] 1
Vest-Tyskland - Media Control[14] 3

Kjelder endre

  1. «Songwriting & Recording Database, "Beatles For Sale"». 
  2. Babiuk, Andy (2002). Beatles Gear: All the Fab Four's Instruments, from Stage to Studio (Revised edition (1. november 2002 - Paperback) utg.). Backbeat Books. s. 146–147. ISBN 0-87930-731-5. 
  3. MacDonald 2005, s. 136.
  4. "The Beatles – I Feel Fine – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  5. "Ultratop.be – The Beatles – I Feel Fine" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  6. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  7. "The Irish Charts – Search Results – I Feel Fine". Irish Singles Chart. Retrieved 11. mars 2018.
  8. "Dutchcharts.nl – The Beatles – I Feel Fine" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  9. «Lever hit parades: 24-Dec-1964». Flavour of New Zealand. 
  10. "Norwegiancharts.com – The Beatles – I Feel Fine". VG-lista. Hung Medien.
  11. "Chart Stats – Beatles – {{{song}}}" UK Singles Chart. Chart Stats.
  12. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media.
  13. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  14. «Offizielle Deutsche Charts» (Enter "Beatles" in the search box) (på tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 11. mars 2018. 
Føregangar
«If I Fell»
The Beatles
Toppen av VG-lista
6 veker, veke 51 1964
veke 3 1965
Etterfylgjar
«Fröken Fräken»
Sven-Ingvars