I Pity the Fool
Singel av Bobby Bland
frå albumet To Steps from the Blues
B-side

«Close to You»

Utgjeve 1961
Innspelt Houston, 1960
Sjanger Blues
Lengd 2:30
Selskap Duke 332
Låtskrivar(ar) Deadric Malone
Produsent Don Robey
Bobby Bland-kronologi 
«Cry, Cry, Cry»
(1960)
I Pity the Fool «Don't Cry No More»
(1961)


«I Pity the Fool» er ein song opphavleg gjeven ut av Bobby Bland i 1961 for Duke Records. Songen var tilskriven Deadric Malone, eit psevdonym for eigaren av Duke Records, Don Robey.[1] David Bowie spelte songen under namnet The Manish Boys i 1965, og denne vart gjeven ut som den andre singelen hans.

Bobby Bland-versjonen endre

Innspelinga vart gjort i Houston i 1060, truleg med Joe Scott og Melvin Jackson på trompetar, Pluma Davis på trombone, Robert Skinner og L.A. Hill på tenorsaksofon, Rayfield Devers på barytonsaksofon, Teddy Raynolds på piano, Wayne Bennett på gitar, Hamp Simmons på bass, John «Jabo» Starks på trommer og ein ukjende på fløyte, korvokal og strykarar.[2][3]

Bland var på denne tida på eit høgdepunkt i karrieren og hadde fem songar på rad inne på R&B-lista i USA. Songen «I Pity the Fool» vart ein av dei største hittane hans med førsteplass på R&B-lista og ein 48. plass på pop-lista.[4]

The Manish Boys (med David Bowie)-versjonen endre

I Pity the Fool
Singel av The Manish Boys
B-side

«Take My Tip»

Utgjeve 5. mars 1965
Innspelt IBC Studios, London
Sjanger R&B
Lengd 2:08
Selskap Parlophone R5250
Låtskrivar(ar) Deadric Malone
Produsent Shel Talmy
David Bowie-kronologi 
«Liza Jane»
Davie Jones & the King Bees
(1964)
I Pity the Fool «You've Got a Habit of Leaving»
Davy Jones & the Lower Third
(1965)


Utgåva til The Manish Boys (på den tida med David Bowie) kom ut i 1965. Innspelinga var produsert av Shel Talmy, som òg produserte dei tidlege singlane og albuma til The Who og The Kinks. Jimmy Page var den faste studiomusikaren til Talmy og spelte gitarsoloen på «I Pity the Fool».

Under desse innspelingane gav Page eit gitarriff til Bowie, som han først ikkje visste kva han skulle gjere med. Bowie nytta seinare riffet i to forskjellige songar, først på «The Supermen» frå 1971 og seinare på «Dead Man Walking» i 1997.

B-sida, «Take My Tip», var den første songen skriven av David Bowie som vart gjeven ut på plate.[5]

Medverkande endre

Andre utgjevingar endre

  • Begge sidene av singelen vart gjeven ut att på ny av EMI i Storbritannia i mars 1979 som eine sida av ein EP. På B-sida av EPen var songane «You've Got a Habit of Leaving» og «Baby Loves That Way». Denne versjonen vart igjen gjeven ut av See For Miles Records i Storbritannia i oktober 1982, og som ein 12"-biletdisk i juni 1985.
  • Han finst òg på samleplata Early On (1964-1966) frå 1991. Både «I Pity the Fool» og «Take My Tip» finst med alternative vokalopptak som bonusspor på somme utgåver av Early On.

Andre versjonar endre

Kjelder endre

  1. Deadric Malone Biography on All Music
  2. Liner notes to "Bobby Bland / I Pity the Fool - The Duke Recordings, Vol. One (MCA)"
  3. Blues Records 1943-1970, Vol. 1 A to K, Mike Leadbitter & Neil Slaven (Record Information Services)
  4. Bobby "Blue" Bland - Charts & Awards: Billboard Singles
  5. David Buckley (1999), Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story, s. 29