I Saw Her Standing There

I Saw Her Standing There
Singel av The Beatles
frå albumet Please Please Me
A-side

«I Want to Hold Your Hand»

Språk engelsk
Utgjeve 26. desember 1963 (USA)
Innspelt 11. februar 1963,
EMI Studios, London
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:55
Selskap Capitol 5112 (US)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) McCartney–Lennon
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«She Loves You»
(1963)
I Saw Her Standing There «Twist and Shout»
(USA-1964)


Well, she was just seventeen,
You know what I mean,
And the way she looked was way beyond compare,
So how could I dance with another,
Wooo! When I saw her standing there

Lennon/McCartney

«I Saw Her Standing There» er ein song skrive av John Lennon og Paul McCartney og er opningssporet på debutalbumet til The Beatles, Please Please Me, som kom ut 22. mars 1963.

I desember 1963 gav Capitol Records ut songen i USA som B-side til den første singelen på selskapet med The Beatles, «I Want to Hold Your Hand». Singelen gjekk til topps på den amerikanske lista den 18. januar 1964 og låg der i sju veker. I 2004 vart songen rangert på 139. plass av Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.

Songen var eit samarbeid mellom Lennon og McCartney, basert på ein ide av McCartney.[1] Opphavleg vart songen kalla «Seventeen». McCartney innrømte at han tok basslinja direkte frå ein Chuck Berry-song kalla «I'm Talking About You».[1]

Songen vart spelt inn i Abbey Road Studios den 11. februar 1963, som ein del av ein maraton der 10 av 14 songar på Please Please Me vart spelt inn. The Beatles var ikkje til stades då songen vart miksa 25. februar 1963,[2], som ikkje var uvanleg på denne tida.

På albumet startar songen med oppmuntrande «one-two-three-FAH!» av McCartney. Slike nedteljingar vart vanlegvis fjerna frå den endelege miksen, men produsent George Martin ønskte å ha han der for å skape den rette stemninga.

Carr og Tyler, i The Beatles: An Illustrated Record, hevda at songen var den tredje britiske rockesongen nokon gong etter Cliff Richard sin «Move It» og Johnny Kidd sin «Shakin' All Over».

Medverkande endre

Per Ian MacDonald[3]

Salslister endre

Vekeslister endre

Liste (1964) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[4] 14
U.S. Cash Box Top 100 100

Årslister endre

Liste (1964) Plassering
U.S. Billboard Hot 100[5] 95

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Barry Miles (1997). Paul McCartney: Many Years From Now. New York: Henry Holt & Company. s. 93-94. ISBN 0-8050-5249-6. 
  2. Mark Lewisohn (1988). The Beatles Recording Sessions. New York: Harmony Books. s. 24. ISBN 0-517-57066-1. 
  3. MacDonald 2005, s. 66.
  4. [Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002]
  5. http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1964.htm

Bakgrunnsstoff endre