Ian Gillan (fødd 19. august 1945) er ein engelsk rockevokalist og låtskrivar, mest kjend som songar og tekstforfattar i Deep Purple.[1] I løpet av karrieren sin har Gillan òg fronta sitt eige band og song eitt år som vokalist i Black Sabbath. Han song òg rolla som Jesus i den originale innspelinga av Andrew Lloyd Webber sin rockeopera Jesus Christ Superstar. I dei beste åra sine var Gillan kjend for den vokalmessige spennvidda på heile fem vokalar, særleg dei høge tonane i songen «Child In Time».

Ian Gillan

Ian Gillan på scenen med Deep Purple i Tyskland, juli 2022
Fødd19. august 1945 (78 år)
FødestadChiswick i London i England
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1962
Sjanger
Instrumentvokal, munnspel, Perkusjon, gitar, piano, trommesett
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar
PlateselskapearMUSIC, Island Records
Verka somsongar, låtskrivar, musikar
PrisarÆresordenen

Som 16-åring starta han det første bandet sitt, The Moonshiners, men berre få veker etterpå, i oktober 1962 slutta han skulen og vart med i bandet The Javelins. I åra som følgde jobba han hardt som musikar i band som Wainwrights Gentlemen og Episode Six, der han møtte bassisten Roger Glover første gongen. I 1969 fekk Ritchie Blackmore høyre om Gillan, og henta han til Deep Purple, som var på leit etter ein ny vokalist. Roger Glover vart med på lasset som ny bassist i Deep Purple.

I 1973 forlét Gillan Deep Purple, mykje på grunn av gnissingar mellom han og gitarist Blackmore, og tok ein kort pause frå profesjonell musikk før han danna Ian Gillan Band i 1975. Den tidlege stilen hans hadde eit klårt islett av jazzrock som viste seg å vere mindre populært, og han vart erstatta i 1977 med ein meir kraftfylt hardrock-stil då Gillan skifta ut fleire medlemmar i bandet og forkorta namna til gruppa til beintfram Gillan.

I 1982 vart banda oppløyst då Gillan måtte kvile etter skadar på stemmebanda. I 1983 vart han ny vokalist i Black Sabbath for albumet Born Again og ein påfølgjande turné, før han vart med i eit gjenforeint Deep Purple i 1984.

Etter to studioalbum og éit konsertalbum fekk Gillan sparken frå Deep Purple i 1989, og den tidlegare Rainbow-vokalisten Joe Lynn Turnar overtok jobben. Gillan gav ut éit soloalbum før resten av Deep Purple overtalte Ritchie Blackmore til å ta Gillan inn i varmen att.

I 2006 kom Gillan ut med eit prosjekt som dokumenterer den 40-årige karrieren hans, kalla Gillan's Inn. Både Tony Iommi, fleire medlemmar av Deep Purple og mange andre er ein del av dette DVD-prosjektet.

Diskografi endre

Med Episode Six endre

  • Put Yourself In My Place (1987)
  • The Complete Episode Six (1991)
  • BBC Radio 1 Live 1998/1969 (1997)
  • Cornflakes and Crazyfoam (2002)
  • Love, Hate, Revenge (2005)
Samlealbum av songar mellom 1965 og 1969

Med Deep Purple endre

Studioalbum endre

Tala syner til høgaste plassering i Storbritannia.

Konsertalbum endre

Med Ian Gillan Band og Gillan endre

Med Black Sabbath endre

Solo endre

Studioalbum endre

Konsertalbum endre

  • Chris Tetley Presents: Garth Rockett & The Moonshiners (1989)
  • Garth Rockett & The Moonshiners Live at the Ritz (1990, video)
  • Ian Gillan Live (1990, 2001 on DVD as Classic Rock Legends - Ian Gillan)
  • Live at the Ritz '89 (2000, as Ian Gillan & The Moonshiners)
  • Highway Star - A Journey in Rock (2007, DVD)
  • Live in Anaheim (2008, CD/DVD)

Med The Javelins endre

Gjesteframferder og andre prosjekt endre

  • Jesus Christ Superstar (1970, original innspeling)
  • Sammy - Sammy (1972) - medprodusent
  • Jerusalem - Jerusalem (1972) - Produsent
  • Pussy - Feline Woman / Ska Child (1972) - Produsent
  • Cliff Bennett - Nightride (1981) - Medprodusent
  • Zero Nine - Blank Vers (1982) - Medprodusent
  • Rock Aid Armenia - The Earthquake Album (1990, «Smoke On The Water '90")
  • Pretty Maids – In Santa's Claws (EP, 1990, «In Santa's Claws», «A Merry Jingle")
  • The Bolland Project – Darwin (The Evolution) (1992, «Overture», «Finale», «The Long Goodbye / The Final Curtain Falls")
  • Michalis RakintzisGet Away (1992), ("Get Away», «My Heart Remains The Same», «I Think I Know», «Get Away Club Mix», «Make A Wish")
  • Ray Slijngaard & Ian Gillan – Smoke On The Water Rock 'N' Rap Extravaganza (1998, «Smoke On The Water")
  • Jill Towers – Welcome to Dreamfield (1999) - Co-produsent
  • Jill Towers - Miserably Happy (2001, munnspel on «I Know What U'r Lookin'")
  • Dean Howard – Volume One (2004, «Smokescreen")
  • Rock School – Movie soundtrack (2005, «Highway Star")
  • Leslie West – Gitarded (2005, «Hang Me Out To Dry")
  • Michael Lee Jackson – In a Heartbeat (2006, «Have Love Will Travel")
  • Hoochie Coochie Men & Jon Lord – Danger. White Men Dancing (2007, «Over & Over», «If This Ain't The Blues")

Film og fjernsyn endre

  • Deep Purple - Heavy Metal Pioneers (1991, intervjuobjekt)
  • The Black Sabbath Story, Vol. 2 (1992, intervjuobjekt)
  • Rock Family Trees - ep. 'Deep Purple' (1995, intervjuobjekt)
  • Classic Albums - ep 'Deep Purple: Machine Head' (2002, intervjuobjekt)
  • Roger Glover - Made in Wales (2004, intervjuobjekt)
  • Heavy Metal Britannia (2010, intervjuobjekt)
  • The Seventies - ep. '1970' (2010, intervjuobjekt)
  • Pictures of Home - Armenia Grateful 2 Rock (2010, intervjuobjekt)

Bøker endre

  • Gillan, Ian (1980), Candy Horizon, diktsamling
  • Gillan, Ian (1998), Ian Gillan: The Autobiography of Deep Purple's Lead Songar. Blake Pub, ISBN 1-85782-320-6. (2nd ed./1st ed. – 1993)
  • Gillan, Ian (2006), Smoke This!: The Warblings, Rants, Philosophies, and Musings from the Singer of Deep Purple. Immergent, ISBN 0-9788254-0-3.

Kjelder endre

  1. 7 Ages of Rock – BBC.co.uk

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ian Gillan