Ibiza (katalansk Eivissa) er ei øy i Middelhavet, 79 km frå kysten av Spania. Ho er den tredje største øya i Balearane, ein autonom region i Spania. I lag med Formentera er ho ei av to øyar i Islas Pitiusas. Dei største byane på øya er Ibiza by (katalansk Vila d'Eivissa eller berre Vila), Santa Eulària des Riu og Sant Antoni de Portmany.

Ibiza
Lokalt namn Eivissa
Flagget til Ibiza og Formentera
Flagget til Ibiza og Formentera
Geografi
Stad Middelhavet
Koordinatar 38°59′N 1°26′E / 38.98°N 1.43°E / 38.98; 1.43
Øygruppe Balearane

Areal 571,04 km²

Høgaste punkt Sa Talaia (476 moh.)

Administrasjon
Land Spania
Provins Balearane
Største busetnad Ibiza by (37 408 innb.)

Demografi
Folketal 113 908 (2006)
Folketettleik 199,5 /km²

Øya er kjend for sommarfestane på som trekkjer til seg mange turistar kvart år. Dei spanske turiststyresmaktene har dei siste åra arbeidd for å unngå «sex og alkohol»-ryktet til øya og i staden reklamert for meir familieretta turisme.[1].

Historie endre

I 654 f.Kr. grunnla fønikiske nybyggjarar ein hamneby på Balearane, Ibossim (frå det fønikiske iboshim, tileigna guden for musikk og dans, Bes).[2] Ho vart seinare kalla Ebusus av romarane. Grekarane, som kom til Ibiza medan fønikarane var her kalla dei to øyane Ibiza og Formentera Pityûssai («øyane med furutre»).[3] Assyria invaderte øya og fønikarane forsvann. Ibiza kom så under Karthago, som òg var ein tidlegare fønikisk koloni. På øya vart det produsert farge, salt, fiskesaus (garum) og ull.

Ein heilagdom tileigna gudinna Tanit vart bygd ved grotta ved Es Culleram og resten av Balearane vart ein del av handelsområdet til Ibiza etter 400 f.Kr. Ibizia var ein stor handelsstasjon langs handelsrutene i Middelhavet, og starta å opprette sine eigne handelsstasjonar på Mallorca, som Na Guardis.

Under den andre punarkrigen vart øya angripe av to brør frå Scipio-familien i 209 f.Kr., men dei vart verande lojale til Karthago. Då det starta å gå dårleg for kartagarane på fastlandet, var Ibiza nytta som tilfluktsstad for general Mago. Her samla han forsyningar og menn før han segla til Menorca og så Liguria. Ibizia fekk forhandla fram ein gunstig avtale med romarane som gjorde at Ibizia ikkje vart øydelagd og kunne halde fram dei puniske institusjonane sine langt inn i tida under Romarriket. Derfor finn ein i dag gode døme på seinare punisk sivilisasjon på Ibizia. Under Romarriket vart øya ein roleg utpost og hamna etter kvart utanfor dei viktige handelsrutene.

Etter Romarriket fall og ein kort periode under vandalane og så Austromarriket, vart øya erobra av maurarar. Ibiza kom i nær kontakt med byen Denia (den næraste hamnebyen på fastlandet) og dei to områda vart styrt av den same taifaen.

Øya vart gjenerobra for kristendomen av kong Jakob I av Aragon i 1235. Sidan då hadde øya forskjellige former for sjølvstyre, men i 1715 fjerna kong Filip V av Spania sjølvstyret. Heile Balearane fekk sjølvstyret då demokratiet kom til Spania i 1970-åra. I dag er øya ein del av den autonome regionen Balearane i lag med Mallorca, Menorca og Formentera.

Klima endre

Ibiza har middelhavsklima og noko mildare vintrar og noko kjøligare somrar enn Mallorca. Vintrane er generelt milde med temperaturar rundt 15 °C på dagtid og 8 °C om natta. Den varmaste tida på året er juli og august med temperaturar over 30 °C på ettermiddagen dei fleste dagar. Den lågaste temperaturen som er registrert på Ibiza er -5 °C, medan varmerekorden er 37 °C.[4]

Vêrdata for Eivissa lufthamn 6 meter (20 fot) (1981–2010)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 24,7 23,5 26,5 27,8 31 36,5 36,6 36,6 38,4 32 28,4 23,8 38,4
Gjennomsnittleg maks °C 15,7 15,9 17,7 19,7 22,7 26,8 29,7 30,3 27,7 24 19,6 16,7 22,2
Døgnmiddeltemperatur °C 11,9 12,1 13,7 15,6 18,6 22,6 25,6 26,3 23,8 20,2 15,9 13,1 18,3
Gjennomsnittleg min °C 8,1 8,3 9,6 11,4 14,6 18,4 21,4 22,2 19,9 16,5 12,3 9,5 14,3
Lågast målte °C −1,2 0,2 1 3,4 7,6 10 15,9 16,5 12,1 8,5 2,4 1,1 −1,2
Gjennomsnittleg nedbør mm 37 36 27 31 27 11 5 18 57 58 53 52 413
Gns. nedbørsdagar (≥ 1 mm) 5 5 3 4 3 1 1 2 4 6 6 5 45
Gns. snødagar 0,1 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0 0,1
Gns. solskinstimar i månaden 162 166 211 246 272 299 334 305 236 205 157 151 2 744
Pst. av mogleg solskin 52 54 57 63 63 67 72 70 66 60 52 54 61
Kjelde 1: Agencia Estatal de Meteorología[5]
Kjelde 2: Agencia Estatal de Meteorología,[6]

Turisme endre

 
Sant Antoni

Ibiza vert rekna som ein populær turistdestinasjon, og særleg har turistlivet vorte kjend for eit yrande og stundom tøyleslaust natteliv i dei to byane Ibiza by og Sant Antoni.[7] Om sommaren har kjende DJ-ar spelt på dei forskjellige klubbane her og sesongen varer frå starten av juni varer til første helga i oktober.

Styresmaktene på øya har prøvd å oppfordre til meir danna og roleg turisme og har innført reglar om stengetid for nattklubbar (06:00) og krav om at alle nye hotell må minst vere fem stjerner.[8].

Verdsarvstad endre

Sjølv om øya i hovudsak er kjend for festinga, er store delar av øya ein del av ein verdsarvstad og slik verna mot utvikling og kommersialisering.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ibiza
  Reiseguide for Ibiza frå Wikivoyage