Ica-regionen (spansk Región Ica, quechua Ika suyu) er ein region i det sørvestlege Peru med kystlinje mot Stillehavet. Han har grenser mot Lima-regionen i nord, mot Huancavelica-regionen i nordaust, mot Ayacucho-regionen i aust og Arequipa-regionen i sør.

Folkesetnaden var 607 630 i 1996, arealet er 21 305 km². Hovudstaden er byen Ica som har namn etter elva Ica.

Politisk inndeling endre

Regionen er delt inn i fem provinsar.
Provins (hovudstad):

  1. Chincha (Chincha Alta)
  2. Ica (byen Ica)
  3. Nazca (Nazca)
  4. Palpa (Palpa)
  5. Pisco (Pisco)

Geografi endre

Denne kystregionen er prega av store ørkenområde stykka opp av frodige dalar som oasar. Dei grøne områda er skapt av elvevatn som kjem ned frå Andes i perioden desember til april. Nokre grøne område er skapt med hjelp frå irrigasjonskanalar.

Utanfor byen Pisco og Paracashalvøya ligg Chinchaøyane som midt på 1800-talet hadde stor økonomisk verd for Peru grunna eksport av guano til Nord-Amerika og Europa. Guanoen vart tatt ut frå øyane. I dag er verksemda lagt ned og øyane er del av eit naturreservat kjent for mangfald i fugleliv.

Både paracaskulturen og nazcakulturen utfolda seg innan grensene for Ica-regionen. På regionmuseet i Ica kan ein sjå døme på den mest særeigne arv frå desse kulturane, tekstilkunsten. I tillegg finst fin keramikk frå nazca.

Kjelder endre

Sjå òg endre