Ida Kohlmeyer
Ida Rittenberg Kohlmeyer (3. november 1912–24. januar 1997) var ein amerikansk målar og bilethoggar som budde og verka i Louisiana. Kohlmeyer byrja å måla i 30-åra, og oppnådde vid merksemd for verka sine i kunstmuseum og galleri i heile USA.[1] Det er verk av henne ved National Museum of Women in the Arts,[2] Smithsonian American Art Museum, Ogden Museum of Southern Art og New Orleans Museum of Art. Kohlmeyer var medlem av reformjødedomrørsla, og hadde ei aktiv rolle i det jødiske samfunnet i New Orleans gjennom heile livet. Touro Synagogue i New Orleans stiller ut mange av verka hennar i synagogen og i samfunnshallen sin.
Ida Kohlmeyer | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 3. november 1912, 1912 New Orleans |
Død |
24. januar 1997, 1997 (84 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, universitetslærar, kunstnar |
Bakgrunn endre
Kohlmeyer, fødd Rittenberg, var dotter av polske innvandrarar til USA. Ho tok graden Bachelor of Arts in English ved Newcomb College, eit tidlegare kvinnecollege ved Tulane University. Etter å ha gått ut frå Newcomb gifta ho seg med Hugh Kohlmeyer, og dei drog på bryllaupsreise til Vera Cruz og Mexico by i Mexico i 1934. Her blei Kohlmeyer inspirert av og fatta interesse for kunst frå Sør- og Sentral- Amerika.[3]
Kunstkarriere endre
Kohlmeyer vende tilbake til Newcomb/Tulane i 1950 og fullførte graden Master of Fine Arts i måling i 1956.[4] Deretter studerte ho måling med kunstnaren Hans Hofmann i New York. Hofmann, som er kjend for fargebruken sin, påverka henne mot avgjerda ho etterkvart tok om å gå vekk frå realistisk representasjon og i staden laga abstrakt kunst.[5] Dei tidlege verka hennar var hovudsakleg i ein gestural style påverka av Holfmann og andre abstrakte impresjonistar, som Arshile Gorky og Mark Rothko, som ho møtte i New York.
Ho hadde si fyrste utstilling ved New Orleans Museum of Art i 1957, og si fyrste utstilling i New York ved Ruth White Gallery i 1959.[1]
Inspirert av interessa for søramerikansk kunst og verka til Miró utvikla Kohlmeyer sin eigen stil, «...a distinctive vocabulary of hieroglyphs, shapes, and signs, all organized in a loose grid, that hovered among abstraction, writing and emblem.»[1] Ho utforska denne stilen seinare i livet sitt. Atlanta High Museum of Art hadde ei retrospektiv utstilling av verka hennar i 1972, det same gjorde Mint Museum of Art i Charlotte i Nord-Carolina, som sende utstillinga til sju byar i 1984 og 1985.[1]
Kohlmeyer nådde høgda av karrieren sin seint i livet, då ho fekk fleire større kommisjonar, mellom anna eit prosjekt for Equitable Life Assurance Society-bygningen ved 1515 Poydras Avenue i New Orleans og ein større installasjon av tjue måla metallskulpturar for Audubon Aquarium of the Americas ved breidda av Mississippi med tittelen Aquatic Colonnade. Kohlmeyer døydde i 1997 ved Touro Infirmary i New Orleans.
I 2004 skipa Newcomb Art Gallery ei utstilling, Systems of Color, og ei tilhøyrande bok vigd Kohlmeyer.[3]
New Orleans Museum of Art feira hundreårsjubileet for karrieren til Kohlmeyer i 2012-2013.[6]
Kjelder endre
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Smith, Roberta. «Ida Kohlmeyer, 84; Known as Pictographic Painter». New York Times. Henta 13. juni 2017.
- ↑ «Artist Spotlight: Ida Kohlmeyer (American, 1912-1997)». Broad Strokes: The National Museum of Women in the Arts' Blog (på engelsk). 11. september 2009. Arkivert frå originalen 21. april 2017. Henta 20. april 2017.
- ↑ 3,0 3,1 «Collection: Ida Kohlmeyer papers | Archives and Special Collections at Tulane University». archives.tulane.edu. Henta 8. november 2020.
- ↑ «Ida Kohlmeyer». www.knowla.org. Arkivert frå originalen 7. oktober 2016. Henta 3 March 2016.
- ↑ Marter, Joan M., and Gwen Finkel Chanzit (2016). Women of Abstract Expressionism. Denver: Denver Art Museum. s. 182. ISBN 978-0-300-20842-9.
- ↑ «Ida Kohlmeyer: 100th Anniversary Highlights | New Orleans Museum of Art». New Orleans Museum of Art (på engelsk). Henta 20. april 2017.
- Denne artikkelen bygger på «Ida Kohlmeyer» frå Wikipedia på engelsk, den 9. januar 2022.