Ikkje-dødeleg våpen

Eit ikkje-dødeleg våpen er eit våpen som ikkje har til hensikt å gjere potensielt dødeleg skade på ein person. I staden er hensikten med eit ikkje-dødeleg våpen å gjere mindre skade for å sette personen ut av spel for ei kortare tid. Slike våpen blir mellom anna brukt av politi og militære under forsøk på å kontrollera eller verna seg mot sivile.

Det finst ulike variantar av ikkje-dødelege våpen som verkar på ulike måtar. Ein kan til dømes bruka våpen som valdar kjemisk skade, som peparspray eller tåregass, mekanisk kraft, som gummikuler, erteposar og vasskanonar, og våpen som gjev elektrosjokk.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.