Eit ikon, av gresk εἰκών, eikōn «bilete», er ei nemning for religiøse måleri på trepanel i bysantinsk stil, og som spesielt har plass i den russisk-ortodokse og den gresk-ortodokse kyrkja. I denne tradisjonen er ikkje ikonet berre ein illustrasjon, men ein berar av ein religiøs bodskap. Ikonet vert derfor bruka i samband med bøn og meditasjon. I den ortodokse gudstenesta finst det ein eigen liturgi for velsigning av ikon.

Polsk samling av ikon frå 1600- og 1700-talet.

Ordet ikon kan òg brukast i overført tyding om eit ideal eller førebilete. Etter påverkand frå engelsk språk kan ordet òg brukast om bilete som er lett å kjenne att, slik som ikona på skrivebordet på ein dataskjerm. Ordet er lånt inn til finsk frå russisk som ikkuna, i tydinga «vindauge».

Historie endre

 
Sankt Georg og draken, bulgarsk ikon

Den bysantiske kunsten hadde sin første gullalder på 3 – 400-talet, knyta til kyrkja og keisaren i Konstantinopel. Dei eldste bevarte ikona er frå 500-talet. Men etter ortodoks tradisjon vart det fyrste ikonet skapt av Jesus Kristus sjølv.

Acheiropoietas, «det ikkje av hender skapte kristusbiletet» endre

 
Det heilage andletet eller Frelsaren «Acheiropoietod», «Det ikkje av hender skapte biletet», eit tradisjonelt ortodoks ikon, her i utgåve måla i 1658

Ei legende fortel om ein from Abgar av Edessa i Mesopotamia som hadde høyrt om Jesus, og bad han kome til Edessa. Jesus svarte at han ville sende han ein disippel når han hadde fullført oppdraget sitt i Palestina. I ein variant av legenda hadde Abgar bede om eit bilete. Ein målar forsøkte å lage eit bilete av Jesus, men greidde det ikkje, sidan han vart blenda av lyset som stråla ut av han. Då tok Jesus ein sveitteduk og la over andletet sitt, og på den duken vart Jesu bilete avteikna. Dette første, ikkje av hender skapte, kristusbiletet hadde lækjande kraft, og utstrålinga frå biletet var så sterk at det kunne reprodusere seg sjølv, om ein la det på anna materiale.

Kristus-ikon av denne typen vert kalla «acheiropoietas». Ikonet vert ikkje heldt for å vere kunstnarens verk, motivet vert rekna som eit verk av Frelsaren sjølv, av Kristi ånd.

Lukas, den første ikonmålaren endre

 
Evangelisten Lukas og ikonet Guds mor, «Hodigitria». Måleri av Guercino, det syttande hundreåret

I ikontradisjonen held dei evangelisten Lukas for å vere den første ikonmålaren. Evangelisten Lukas skal ha vore den fyrste til å måle ikonet Guds mor, «Hodigitria». Mange motiv vert rekna for å stamme frå han, blant anna ikonet Guds mor «Hodigitria».

Ikonoklastane endre

Ikontradisjonen var knytt til gresk filosofi, den kristne nyplatonismen. Alt synleg, alt vi sansar, er eit bilete av det usynlege. Bileta kan hjelpe oss å få kunnskap om den andelege verda som vi ikkje kan sanse.

I år 726 forbaud keisar Leo III i Konstantinopel alt ikonvesen. Kampen om ikona raste i meir enn hundre år, og var i røynda ein kamp om makta i kyrkja. Ikonoklastane, biletstormarane, øydela alt dei kom over av ikon.

  • Keisaren og dei som støtta han meinte ikona var avgudsbilete i strid mot Gud bodord.
  • Til forsvar for ikona vart det sagt etter inkarnasjonen var Guds ord openberra for verda i Jesus Kristus, som var eit levande ikon.

Striden raste til «ortodoksiens triumf» i år 842. Då vart det slått fast at ikona ikkje var gjenstand for tru, men hjelpemiddel for trua.

Russiske ikon endre

 
Ikonet Guds mor «Hodigitria», kledd med sølvplate. Russisk ikon

Ikontradisjonen utvikla seg vidare då Russland vart kristna på slutten av det tiande hundreåret. Ikona fekk ein sentral plass i russisk kultur. Det fanst eit ikon i kvar heim, og det var skikk at når ein kom inn i ein heim, helsa ein først ikonet i hjørnet før ein helsa på husfolket.

Den russiske ikontradisjonen nådde høgdepunktet på 1400-talet. Etter at Peter den store byrja arbeidet med å europeisere Russland, kom òg ikontradisjonen i forfall. Etter revolusjonen vart ikona kasta ut av heimane. Mange av ikona fann vegen vestover, og slik fekk interessa for ikonkunsten eit oppsving i vesten.

Utforming av ikonet endre

Eit ikon vert måla på ei plate av tre. Plata vert preparert med mange lag gessogrunning, ein serie lag med krittlim, slik at ein ikkje kan sjå spor av trestrukturen i plata.

Sidan rissar ein inn motivet, før ein målar fargebakgrunnen. Ikon vert måla med eggtempra, ei blanding av eggeplomme, vatn og fargepigment; ein av dei eldste målarteknikkane vi kjenner. Etter at bakgrunnen er ferdig, målar ein inn motivet, og så målar ein på bokstavar og gloriar. Til sist kan ein leggje på forgylling. Forgyllinga kan vere laga av leirblandingar, sølv eller bladgull.

Dei geometriske proporsjonane følgjer bysantiske ideal. Figurane er ikkje bundne at dei rasjonelle perspektivreglane som vart utforma under rennessansen. Ofte er det bruka eit omvendt perspektiv: ser du ei stund på biletet får du ei kjensle av at biletet ser på deg - det er du som vert granska, ikkje ikonet.

Symbolbruken er viktig. Ikona vert ikkje signert – dei skal vere Guds, ikkje kunstnarens verk.

Val av motiv endre

 
Gresk ikon frå 1500-talet

Dei mest brukte ikonmotiva har eigne namn og vert måla med eldre motiv som førebilete. Dei som skal måle ikona kan ikkje berre kopiere motivet, dei må gjennom bøn og meditasjon finne ei sjelsro som er nødvendig for å kunne formidle det ikonet skal forkynne.

Den bysantiske ikonmålinga følgjer rammer frå tradisjonen og kunstnariske konvensjonar. Eit forsøk på å måle eit moderne ikon vil plassere det innanfor ein annan tradisjon, og det vil då ikkje lenger vere eit ikon, men eit bilete med religiøst motiv.

Velsigning av ikonet endre

Eit ikon kan verte velsigna i ei gudsteneste, gjerne i samband med bøna før nattverden. Ikonet vert plassert på alteret, og etter syndsvedkjenninga seier presten fram ei signingsbøn. Ei bøn vert bruka om det er eit kristusikon, ei anna om ikonet viser ein helgen. I den ortodokse kyrkja er det utforma liturgiar for denne signinga.

Bruk av ikon endre

I ortodokse kyrkjer heng det ikon rundt om i kyrkja. Fremst i kyrkja er dei sentrale ikona samla i ikonostasen, ein biletvegg som skil «det aller heilagste» alterromet frå det heilage kyrkjerommet. Ikonostasen skal omfatte ikon med sentrale motiv i kristendommen og henge i ein bestemt orden. I vestleg kulturkrets kan ikonmotiv bli brukte som kyrkjekunst.

Ein kan òg ha ikon i heimen, til dømes i eit eige ikonhjørne.

Den røyndomen ikona vitnar om, er i vestleg kultur kanskje ingen røyndom, men ein vakker poetisk fantasi. For dei som dagleg lever med ikona i austleg tradisjon er det onnorleis: Ikona vitnar om ein mystisk realisme som ein må utvikle seg for å sjå.

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Aasmund Brynhildsen 1968: De hellige ikoner (Dreyer)
  • Guillem Ramos-Poquí 1997: Ikonmaling

Ressursar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Ikon