Il est né le divin enfant

«Il est né le divin enfant» ('Det guddommelege barnet er født') er ein tradisjonell fransk julesong frå 1700- eller 1800-talet. Songen skildrar korleis Jesusbarnet i krybba blir feira som eit heilag barn.

Songen blei først gjeven ut i songboka Noêls anciens (1875-6) av Dom G. Legeay. Melodien var allereie gjeven ut i Airs des noêl lorrain (1862) av R. Grosjean, domkyrkjeorganisten i Saint-Dié, og byggjer truleg på ein gammal normannisk jaktsong, «Tête bizarde», frå 1700-talet.

Songen er omsett til engelsk ei rekkje gonger, mellom anna som «He is Born, the Child Divine», «Born Is Jesus, The Infant King». Han finst også på mohawk som «Rotonni NiioRoie Mia».

Ei rekkje ulike artistar og kor har spelt inn «Il est né le divin enfant», mellom anna Wiener Sängerknaben, The Kings Singers, Edith Piaf, Tino Rossi, Placido Domingo, Siouxsie and the Banshees og Annie Lennox.

Melodien har mellom anna inspirert Variations sur «Il est né le divin enfant» (1948) av Marcel Dupré.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til Il est né le divin enfant ved Wikisource (fr).