Ilabekken, tidlegare Akersbekken, er ein bekk i Oslo som i dag er overkvelva. Bekken har utspring på Tåsen, renn gjennom Voldsløkka, og følgjer derfrå Uelands gate ned Iladalen. Bekken kryssar Maridalsveien nedanfor Gamle Aker kyrkje og renn ut i Akerselva ved Nedre Foss. På Tåsen og ved Nordre gravlund renn fleire småbekkar inn i hovudløpet både aust- og vestfrå.

Ringsdalen og Akersbekken på kart frå 1861.

Akersbekken vart lukka frå utløpet til Alexander Kiellands plass mellom 1887 og 1898. Øvre del av løpet, som òg vert kalla Tåsenbekken, vart lagt i røyr mellom 1898 og 1920.

Bekkedalen vart fram til lukkinga kalla Ringsdalen, og var ei markant terrengform mellom Maridalsveien og St. Hanshaugen/Lovisenberg. I Iladalen er terrenget enkelte stader fylt opp heile 12 m, slik at terrenget ikkje lenger minner om den forsvunne Ringsdalen.

Det er laga planar om å opne Ilabekken att på enkelte strekningar.[1]

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Kommunedelplan Anlegg og områder for friluftsliv i Oslo. Handlingsprogram for 2005–2008. Oslo kommune, Friluftsetaten, 2005, se side 23 og 106 (lest 27. april 2008)