Sjå òg elva Ill i Austerrike

Ill (ILL) er ei elv i Alsace nordaust i Frankrike. Ho er ei av sideelvane til Rhinen frå venstre.

Ill
elv
Ill ved Strasbourg.
Land  Frankrike
Nedslagsfelt 4 760 km²
Lengd 223 km
Kjelde Jurafjella
 - høgd ±570 moh.
Munning Rhinen
Kart
Ill i Frankrike
47°27′41″N 7°15′59″E / 47.4614°N 7.2664°E / 47.4614; 7.2664
Wikimedia Commons: Ill river

Ho har sitt utspring nær landsbyen Winkel i Jurafjella, og renn så nordover i Alsace, parallelt til Rhinen. Ho mottar fleire sideelvar frå Vogesane, inkludert Doller og Thur. Ill renn gjennom Mulhouse, Colmar og Sélestat før ho munnar ut i Rhinen ved Strasbourg.

I Strasbourg dannar elva ein del av festningsverket frå 1600-talet, og passerer gjennom ei rekkje sluser og kanalar i den vakre gamlebyen, mellom anna distriktet Petite-France, der vatnet ein gong vart nytta som vasskraft for møller og garveri.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ill i Frankrike