Ilminster er ein by i grevskapet Somerset i England. Han har kring 5 800 innbyggjarar. Byen ligg aust for krysset mellom hovudvegane A303 (London til Exeter) og A358 (Taunton til Chard og Axminster). Han ligg nær River Isle.

Ilminster

Plassering
Ilminster is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Somerset
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2011[1])

5 808
Koordinatar 50°56′N 2°55′W / 50.933°N 2.917°W / 50.933; -2.917
Diverse annan informasjon
Postnummer TA19
Telefon-retningsnummer 0 1460
Commons har multimedium som gjeld: Ilminster

Historie endre

 
St Mary-kyrkja i Ilminster

Ilminster er nemnd i dokument frå 725 og i eit charter gjeve til Muchelney Abbey (10 mile (16 km) nord for byen) av Ethelred II av England i 995. Ilminster er også nemnd i Domesday Book frå 1086 som «Ileminstre», med tydinga 'kyrkja på elva Isle', frå gammalengelsk ysle og mynster. På denne tida var Ilminster eit blomstrande samfunn som fekk løyve til å halda ein marknad ein gong i veka.

Kyrkja byen har namn etter er vigd til jomfru Maria, og er kjend som The Minster. Den noverande bygningen i hamstone, ein kalkstein frå Ham Hill i Somerset, og stammar frå 1400-talet. Han blei renovert i 1825 av William Burgess, medan koret blei restaurert i 1883. Det blei utført vidare restaurasjonsarbeid i 1887-89 og 1902.

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «Statistics for Wards, LSOAs and Parishes — SUMMARY Profiles» (Excel). Somerset Intelligence. Henta 4 January 2014.