Iltalehti (namnet tyder Kveldsbladet) er ei finsk tabloidavis. Ho vart grunnlagt 1980 som ettermiddagsutgåve for den konservative avisa Uusi Suomi (namnet tyderNye Finland). Iltalehti blir gjeve ut av Alpress (som høyrer til Alma Media -konsernet). Sjefsredaktør er Kari Kivelä.

Iltalehti kjem ut seks dagar i veka, til skilnad frå dei finske abonnementsavisene, som alltid har komme ut sju dagar i veka. Laurdagsavisa er i sal heile helga.

Samanlikna med hovudkonkurrenten sin, Ilta-Sanomat, er Iltalehti meir sensasjonsorientert. Iltalehti skil seg også frå Ilta-Sanomat ved å vere uavhengig av Helsingin Sanomat sitt konsern Sanoma Osakeyhtiö.

Frå 1919 til 1930 kom det også ut ei avis med namnet Iltalehti.

Kjelde endre

  • Finsk Wikipedia

Bakgrunnsstoff endre