Iltsjo Naumoski

makedonsk fotballspelar

Iltsjo Naumoski (fødd 29. juli 1983 i Prilep i Makedonia) er ein makedonsk fotballspelar. Han har spela for Mattersburg i den austerrikske toppdivisjonen, og for det makedonske fotballandslaget.

Iltsjo Naumoski
Personleg informasjon
Fullt namn Илчо Наумоски
Iltsjo Naumoski
Fødd 29. juli 1983
Fødestad Prilep i Jugoslavia
Høgd 191 cm
Posisjon Angrepsspelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Mattersburg
Nummer 24
Ungdomsklubbar
1993-95
1995-2000
2000-01
ASC Korneuburg
Rapid Wien
SV Stockerau
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2001-02
2002-04
2004
2005
2005-
Klingenbach
Grazer AK
Tyrkia Malatyaspor
Italia Catania
Mattersburg
-
22 (8)
3 (0)
0 (0)
139 (39)
Landslag
2003- Det nordmakedonske flagget Makedonia 35 (7)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 18. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 18. april 2010

Naumoski vart fødd i Makedonia, men begynte å spela fotball som tiåring i Korneuburg i Austerrike. I 2002 vart han toppskårar i regionalliga aust hjå ASK Klingenbach. Etter dette gjekk han til Grazer AK. Etter to relativt vellukka år der, og ein konflikt med trenaren, gjekk han i 2004 til den tyrkiske toppserieklubben Malatyaspor, der han berre spelte i tre månader. Etter tre kampar i Tyrkia gjekk han i januar 2005 vidare til Catania i italiensk Serie B, men fekk ingen kampar der. Frå starten av 2005/06-sesongen har han spelt for Mattersburg i Austerrike.

Naumoski var med på å vinna både cupen og serien med Grazer AK i 2004. I både 2006 og 2007 var han med på å nå den austerrikske cupfinalen med Mattersburg.

Frå 2003 spelte Naumoski òg for det makedonske landslaget.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå tysk wikipedia 20. april 2010.