Iman Meskini

norsk skodespelar

Iman Meskini (fødd 3. mars 1997) er ein norsk skodespelar.

Iman Meskini
Fødd3. mars 1997 (27 år)
FødestadSki kommune
Verka somskodespelar, basketballspelar

Ho er kjend for rolla som Sana Bakkoush i dramaserien Skam som vart send av NRK, og hadde hovudrolla i fjerde og siste sesong av serien.[1] For TV-serien vart Meskini nominert til publikumsprisen under Gullruten 2018.[2]

I 2019 var Meskini med på kjendisversjonen av 71 grader nord. Ho enda opp på 2. plass i programmet, bak tidlegare langrennslaupar Thomas Alsgaard.

Meskini studerte arabisk og midtaustenstudiar ved Universitetet i Oslo.[1]

Mor hennar er frå Noreg og far hennar er frå Tunisia.[3]

Bibliografi endre

  • 2018 #minhistorieminmening - 313 stemmer om hijab Oslo: Cappelen Damm, 2018 ISBN 9788202587789

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Klart for den fjerde og siste «Skam»-sesongen: Sana har hovedrollen». VG (på norsk). 7. april 2017. 
  2. «Gullruten: Stem på din TV-favoritt!». 21. mars 2018. Arkivert frå originalen 29. mai 2018. Henta 10. mai 2018. 
  3. «Sana blir hovedperson i «Skam»». Henta 27. juni 2017.