Imola er ein by i provinsen Bologna i regionen Emilia-Romagna i Italia og har om lag 65 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Santerno nord i landet og er ein by som tradisjonelt har vore rekna som den vestlege inngangsporten til den historiske regionen Romagna.

Imola
Rocca Sforzesca
Rocca Sforzesca
Rocca Sforzesca
Plassering
Imola is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Bologna
Grunnlagd 82 fvt.
Borgarmeister Massimo Marchignoli
Geografi
Flatevidd
 - By

204,94 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

66 340
  324/km²
Koordinatar 44°20′N 11°42′E / 44.333°N 11.700°E / 44.333; 11.700
Høgd over havet 47 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 40026
Telefon-retningsnummer 0 542
Nettstad: www.comune.imola.bo.it

I dag er Imola mest kjend for bilbanen Autodromo Enzo e Dino Ferrari og Formel-1 San Marino Grand Prix. Løpet, som er kalla opp etter republikken San Marino og som er for liten til å halde eit grandprix-løp, vert generelt berre kalla «Imola».

Historie endre

Byen vart i antikken kalla Forum Cornelii, etter den romerske dikatoren L. Cornelius Sulla, som grunnla han rundt år 82 fvt. Byen var eit jordbruks- og handelssenter, kjend for keramikken sin.

Namnet Imola dukka først opp på 600-taletlangobardar overtok området. Dei nytta namnet på ei festning (i dag Castellaccio), som seinare vart gjeldande for heile byen. I følgje diakonen Paulus var Imola i 412 åstad for bryllaupet mellom Ataulf, konge av vestgotarar og Galla Placidia, dotter til keisar Theodosius den store. Under gotarkrigen 535–552 og etter den langobardiske invasjonen, vart han halde vekslesvis halde av austromarane og barbarane.

Med eksarkatet Ravenna gjekk han inn under paven sitt styre. På 800-talet klarte Fausto Alidosi heltmodig å forsvare byen mot sarasenarar og ungararar. På 900-talet fekk Troilo Nordiglio stor makt. Dei neste hundreåra vart det ført harde kampar mot mellom anna Ravenna og Bologna. Innimellom desse konfliktane vart det oppretta eit republikansk konstitusjon i byen. I konkurranse mellom paven og keisaren, var byen hovudsakleg under Ghibelline-familien, men stundom òg hos pavane. Fleire gonger prøvde mektige herrar å ta over byen (Alidosi, 1292; Maghinardo Pagano, 1295). Pave Benedict XII gav byen og området rundt til Lippo II Alidosi med tittelen pavevikar og byen var under familien Alidosi fram til 1424, då condottiero Angelo della Pergola, «capitano» for Filippo Maria Visconti, fekk makta. I 1426 kom byen tilbake til Kyrkjestaten.

Han vart seinare styrt av forskjellige condottieri, som Visconti-familien, og fleire landemerke er frå denne tida. I 1434, 1438 og 1470 Imola overdratt til Sforza, som hadde vorte herrar av Milano. Han kom igjen under pavestolen då han vart gjeve som medgift med Catherine Sforza, kona til Girolamo Riario, nevøen til pave Sixtus IV. Riario fekk status som fyrste av Forlì og Imola, og dette viste seg å vere bra for Imola, der det vart bygd vakre palass og kunstverk. Styret til Riario-familien varte derimot ikkje lenge sdian pave Alexander VI tok frå Ottaviano, son av Girolamo, makta og 25. november 1499 overgav byen seg til Caesar Borgia. Då han døydde kjempa Galeazzo Riario og Kyrkjestaten om styret i byen. Prestestanden gjekk sigrande ut og i 1504 vart Imola gjeve til pave Julius II. Dei siste spora etter desse stridane var det bitre fiendskapet mellom familiane Vaini og Dassatelli.

I 1797 oppretta dei franske revolusjonsstyrkane eit mellombels styre i Imola og i 1799 vart han okkupert av Austerrike. I 1800 vart byen ein del av Den cisalpinske republikken og etter dette hadde byen felles historie med regionen Romagna.

Kjelder endre