InSight (stutt for Interior Exploration using Seismic Investigations, Geodesy and Heat Transport) er ein NASA-romsondeMars. Han landa på Mars 26. november 2018.[1] InSight nyttar mykje den same utforminga som Phoenix-sonden, men landa ved ekvator på Mars, og ikkje ved polane slik Phoenix gjorde. InSight vart skoten opp 5. mai 2018 frå Vandenberg Air Force Base i California av ein Atlas V-rakett.[2][3]

Sjølvportrett teke av InSight på Mars, ti dagar etter landinga
Teikning av InSight på Mars
InSight vert skoten opp i tåke frå Vandenberg Air Force Base

Målet med InSight er å undersøkja det indre av Mars for å finna ut korleis terrestriske planetar utviklar seg, og å undersøkja den tektoniske aktiveteten på Mars i dag. Dessutan skal sonden finna ut kor ofte meteorittar slår ned i Mars.[4]

6. april 2019 målte InSight det fyrste stadfeste marsskjelvet nokosinne.[5]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre