Inaccessible Island

Inaccessible Island er ei øy i den sørlege delen av Atlanterhavet og er danna av ein utdøydd vulkan. Øya er 14 km² stor og ligg 45 km sørvest for øya Tristan da Cunha. Ho er eit britisk territorium, og har gjennom tidene aldri hatt noka permanent busetjing. I lag med Gough Island er ho eit naturreservat, og står på UNESCO si liste over verdsarv.

Inaccessible Island
øy
Land  Storbritannia
Areal 14 km²
Folketal 0 (2023)
Kart
Inaccessible Island
37°18′09″S 12°40′28″W / 37.3025°S 12.674444444444°W / -37.3025; -12.674444444444
Wikimedia Commons: Inaccessible Island

Historie endre

Inaccessible Island blei gjenoppdaga i 1652 av det nederlandske skipet «t'Nachtglas», 146 år etter at øya fyrst var blitt sett av portugisarar. Då ho skulle teiknast på kartet, blei ho omtalt som utilgjengeleg (engelsk inaccessible), ettersom mannskapet hadde problem med å koma seg rundt på øya.

Dei tyske brørne Stoltenhoff kom til Inaccessible Island i 1871 for å busetja seg her. Planen deira var å fanga selar og handla med forbifarande handelsmenn (men gløymde kor ofte – eller ikkje – øya fekk besøk). Dei blei redda frå å svelta i hel i 1873 i samband med ein britisk ekspedisjon som skulle utforska faunaen og floraen på øya. Stoltenhoff-brørne sitt opphald på øya er skildra i boka Shelter from the Spray (1952) av den sørafrikanske forfattaren Eric Rosenthal.

I 1922 var Ernest Shackleton sitt skip «Quest» på Inaccessible Island ei kort tid, og ein botanikar ombord oppdaga ein fugl som seinare blei kalla opp etter han, Wilkins Bunting (Nesospiza wilkinsi).

Norske forskarar hadde ein ekspedisjon til øya i 1938. I løpet av dei tre vekene opphaldet varte blei plantar, fuglar og stein kartlagde.

Etter andre verdskrigen blei det utarbeidd ein plan for å drive landbruk på Inaccessible Island, men denne planen blei aldri realisert.

Eit anna forsøk på å få kartlagt øya blei gjort i 1962 av britiske forskarar. Som så mange andre før dei kom dei seg ikkje fram til det indre av øya.

I 1976 blei Inaccessible Island erklært som naturreservat. Innbyggjarane på Tristan da Cunha fekk stadig lov til å fanga sjøfuglar på øya.

Den meste vellykka ekspedisjonen til øya fann stad i 1982-1983. Studentar og vitskapeleg personell frå Denstone College budde på øya frå 25. oktober 1982 til 9. februar 1983. Dei gjorde ein omfattande kartlegging av øya, og studerte flora, fauna og geologi her og merka meir enn 3000 fuglar.

I 1997 blei territorialfarvatne til Inaccessible Island ut til 14 nautiske mil erklært som naturreservat. For tida er det berre guidar frå Tristan dei Cunha som kan ta imot turistar frå besøkande skip.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre