Inchkeith (skotsk-gælisk Innis Cheith) er ei øy i Firth of Forth i Skottland i regionen Fife.

Inchkeith
Lokalt namn Innis Cheith
Geografi
Inchkeith is located in
Inchkeith ()
Stad Firth of Forth
Koordinatar 56°00′N 3°06′W / 56°N 3.1°W / 56; -3.1
Øygruppe Øyane i Firth of Forth

Areal 0,2 km²

Høgaste punkt 60 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Fife

Inchkeith har hatt ei fargerik historie på grunn av plasseringa nær Edinburgh. Det står eit fyr på øya og det vart bygd festningsverk for å forsvare Edinburgh og seinare Forth Road Bridge og Rosyth Dockyard.

Inchkeith frå Portobello i Edinburgh.

Historie endre

På slutten av 1400-talet vart øya (i lag med naboøya Inchgarvie) nytta som isolat for folk med syfilis i Edinburgh.[1] Seinare vart øya òg nytta som isolat for folk som hadde pest. I 1799 døydde mellom anna russiske sjømenn her og vart gravlagde på øya.[2]

Under regjeringstida til kong James IV i renessansen var Inchkeith åstad for eit usedvanleg eksperiment. Jems IV sette i land ei kvinne og to spedbarn for å sjå kva språk spedborna ville lære seg når dei var isolerte frå resten av verda. Ein trudde at dette kom til å vere «originalspråket» eller språket til Gud. I følgje nedskrivingar kunne ikkje borna snakke.[3]

Engelskmennene bygde eit stort firkanta fort på øya på 1500-talet, men dei vart drivne bort av ein kombinert fransk-skotsk styrke i 1549. [4] Dei engelske festningsverka vart ytterlegare forsterka av skottane. Seinare vart fortet eit fengsel.

I 1803 vart Inchkeith fyr bygd av Thomas Smith og Robert Stevenson. Lyset står 67 meter over havet. Dei påfølgjande åra vart festninga på øya forsterka i frykt frå ein invasjon frå Napoleon. Det same skjedde under begge verdskrigane. I 1899 fekk fyret tåkelur.

Kjelder endre

  1. Pearce, J M S (april 1998). «A note on the origins of syphilis». Journal of Neurology, Neurosurgery og Psychiatry 64 (542): 542. doi:10.1136/jnnp.64.4.542. 
  2. Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  3. Scottish History - Renaissance and Reformation - Historical Oddities
  4. «"The story of Leith - XXII. The Siege of Leith». Electric Scotland. Henta 8. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff endre