Indiske alfabet viser hovudsakleg til ulike skriftsystem utvikla frå brahmiskrift i Sør-Asia til bruk for fleire ulike språk. I vidare tyding kan omgrepet også omfatta skrifttypar av andre opphav. Dei aller fleste kan førast tilbake til arameisk.

Brahmiskrift i eit asjokaedikt i Sarnath.

Dei eldste indiske alfabeta endre

 
Segl med induskulturteikn på.
 
Utbreiinga av skriftsystem i og frå India.

Dei eldste indiske innskriftene er opptil fem tusen år gamle, og stammar frå segl frå Induskulturen. Desse er ikkje tyda, og det er ukjend kvar skriftteikna kom frå. Det finst rundt 350 ulike teikn.[1]

Kharoshti er eit skriftsystem som blei utvikla i Nordvest-India frå arameisk skrift brukt i Persia under akemenidane. Dei eldste døma på kharosthiskrift er frå 300-talet f.Kr. Skrifta blei brukt av keisar Asjoka den store frå 200-talet f.Kr. på asjokaedikt sett opp i Vest-India. Edikt frå Sør-India brukte brahmiskrift, som også er utvikla frå arameisk skrift.

Kharoshti spreidde seg seinare i Sentral-Asia, medan brahmiskrift var opphavet til ei rekkje skriftspråk som ein tok i bruk over heile Sør-Asia og i Søraust-Asia.[2]

Brahmiskrift og avleidde skriftsystem endre

 
Kannadainnskrift frå 500-talet i holetempela i Badami.

Brahmiskrift blei først skriven frå høgre mot venstre. Skriveretningen blei seinare snudd. Det blei utvikla ein nordindisk (Gupta-brahmi) og ein sørindisk type (Pallava-brahmi). Den nordlege typen blei etterkvart utvikla til nagari og derfrå til mellom anna devanagari, som i dag blir brukt til å skriva sanskrit og hindi. Den sørlege typen blei utvikla til å skriva dravidiske språk som tamil.[2][3]

Fellestrekk for mange skriftspråk av brahmiopphav er:

  • Kvar konsonant har ein implisitt vokallyd, som regel kort /a/. Ein kan bruka eit eige teikn for å visa at konsonanten skal uttalast utan vokal.
  • Kvar vokal har to ulike former, ei for høve der vokalen står åleine og ei mindre form som kan kombinerat med ein konsonant. Den mindre forma kan setjast over, under, til venstre eller til høgre for konsonanten avhengig av reglar i dei ulike skriftsystema.
  • To eller fleire konsonantar kan kombinerast i ligaturar.
  • Eigne teikn kan indikerar nasalisering eller aspirering av den tilhøyrande vokalen til ein konsonant.
  • Tradisjonelt blir alfabeta ordna systematisk i denne rekkjefølgjar Vokalar, velare konsonantar, palatale konsonantar, retroflekse konsonantar, dentale konsonantar, bilabiale konsonantar, approksimantar, sibilantar og deretter andre konsonantar.
 
Balinesisk skrift på palmeblad frå 1800-talet.

Viktige indiske alfabet som stammar frå brahmiskrifta inkluderer:

Mindre brukte alfabet som stammar frå brahmi-skrifta inkluderer sarada-skrifta, som var brukt for å skriva kasjmirsk i tidlegare tider og er enno brukt i astrologi, grantha-skrifta, som nokre tamilar bruker for å skriva sanskrit, og tibetansk-skrifta, brukt av tibetanske flyktingar.

Mange alfabet brukte i Søraust-Asia stammar også frå brahmi-skrifta. Det gjeld til dømes burmesisk skrift, thai-skrift, khmer-skrift, laotisk skrift, javanesisk skrift og balinesisk skrift.

Andre endre

Andre alfabet brukt for å skriva indiske språk inkluderer:

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «epigrafikk – india», Store norske leksikon 
  2. 2,0 2,1 «alfabet», Store norske leksikon, 02.12.2011 
  3. «India – skrift», Store norske leksikon