Indus er ei av verdas største elvar, den største i Pakistan og tradisjonelt ei livslinje for landet. Med ei lengd på rundt 3 200 km er ho den lengste elva på det indiske subkontinentet, og elva med den tredje største vassføringa. Indus var åstad for den tidlege indussivilisasjonen, og har gjeve namn til omgrep som «India», «hindu» og «hindi». Ho er kjend for den tidlege Induskulturen eller Indusdalkulturen.

Satellittbilete av Indus og området rundt. (Kjelde: NASA)

Geografi endre

 
Indus nær Skardu nord i Pakistan.

Elva har utspring nær Manasarovar-sjøen i Tibet, og renn nordvest frå Himalaya-fjella gjennom Jammu og Kashmir. Deretter dreier ho sørover gjennom Pakistan, der ein finn størsteparten av lengda hennar, før ho renn ut i havet ikkje så langt frå Karachi. Ho er ei av få store elver i verda som har tidevassbølgje.

Elva er lovprist i Rigveda som livgjevande og uendeleg, men ei rekke demningar laga i moderne tid har delt opp og endra elva. Oppsamling av salt i deltaet øydelegg den gode matjorda der, medan fisk og indusdelfin blir stengd inne i eller ute frå elva, noko som senker talet på dei og truger fleire artar.

Ordsoge endre

Elva var kalla Sindhu i Rigveda. Dette namnet blei iranisert til Hindu, som igjen blei til Indos på gresk og Indus på latin. Namnet tyder ganske enkelt 'hav, elv, bekk'. Elva er omtalt som maskulin, til forskjell frå alle andre rigvediske elver, som er legemleggjorte som gudinner.

Elva er også kjend som Sindhu (सिन्धु) på hindi, sindhi, pandjabi og sanskrit, Sindhurdu, Abasin ('far av elver') på pasjto, Sengge Chu ('løveelv') på tibetansk og Yìndùkinesisk.

Kjelder endre

  • Alice Albinia, Empires of the Indus

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Indus