Industrigata i Oslo

Industrigata (3–71, 20–60C) er ei gate i bydel Frogner i Oslo. Gata har namn etter handverkarane som bygde eigne småhus i området ved Balkeby i 1850-åra og fekk namn i 1879.

Industrigata i Oslo
veg
Briskeby brannstasjon ligg i Industrigata 3.
Land  Noreg
Fylke Oslo
Distrikt Bydel Frogner
Kart
Industrigata i Oslo
59°55′34″N 10°43′13″E / 59.92611889°N 10.72033889°E / 59.92611889; 10.72033889
Wikimedia Commons: Industrigata, Oslo

Gata går frå Briskebyveien i krysset ved Løvenskioldsgate og endar i Fagerborggata. På vegen kryssar den blant anna Majorstuveien og Bogstadveien.

Utvalde hus og bygningar endre

I nummer 3 ligg Briskeby brannstasjon som vart reist i 1963. Nummer 15, b, c og d er rekkehus i funkisstil oppført i 1931 og teikna av Nicolai Beer.

Nummer 21 er ein villa i nyklassisistisk stil teikna av Nicolai Beer og brukt som eigen bustad. Han mottok Sundts premie for arbeidet i 1922.

I krysset ved Majorstuveien ligg blokkbusetnaden Balkeby på høgre side når ein kjem frå Briskebyveien i retning Bogstadveien. Det er berre den eine blokka som har Industrigata som adresse; nummer 31 a-e.

Industrigata 40 er eit funkisbygg i 8 etasjar frå 1933 som vart teikna av Otto Valentin Juell og Otto Legaard Scheen. Bygget vart reist som hybelhus og ligg på hjørnet mot Bogstadveien.

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur