Inertgass er ein dekkgass som vert brukt når ein ynskjer at ein spesiell kjemisk reaksjon ikkje skal skje.

Brannsløkking endre

Gass som ikkje reagerer med stoffa som brenn og tek opp plassen for oksygen i lufta er brukt til dømes i halonanlegg for brannsløkking. Ein tank med brennbare væsker kan fyllast med inertgass når væska vert tømt ut, for å redusere eksplosjonsfare. Eksos frå ein motor kan også brukast som slik inertgass.

Det er farleg å gå inn i slike tankar utan eigen lufttilførsel, fordi surstoffmangelen fort gjer at personen misser medvitet.

Sveising endre

Oksygen i lufta kan verte omdanna til ozon ved sveising. Dette kan hindrast ved å fjerne luft ved at sveisinga skjer i gass som vert tilført ved gassdekt bogesveising. Gassen vert brukt i samband med MIG-sveising (Metal inert gas), TIG-sveising (Tungsten inert gas), røyrtrådsveising eller plasmasveising .

Inert tyder «ikkje aktiv», det tyder at gassen ikkje reagerer med sveisebadet på nokon som helst måte, i motsetnad til ein aktiv gass. Føremålet med ein ikkje-aktiv sveisegass er å verne sveisefugen mot atmosfærisk ureining. Med andre ord, mot å inngå samanbindingar med oksygen og nitrogen i lufta.

Eksempel på ein inertgass kan vere argon, helium, eller blandingar som Ar+C02, Ar+02 og He+Ar. Ved å blande gassar oppnår ein ulike sveiseeigenskapar og endrar inntrengingsprofilen på sveisen. «Mison» er handelsnamn på ei gassblanding av Argon (Ar), koldioksid(CO2) og NO.

Kjelder endre