Infimum (forkorta inf) for ei talmengd er det største talet slik at ingen tal i mengda er mindre. Dersom mengda har eit minste element (minimum), fell infimum saman med dette, og er derfor sjølv eit element i mengda. For ei mengd utan noko minste element vil ikkje infimum vere eit element i mengda. Eit døme er mengda av alle tal større enn 1. Her er 1 infimum, men ikkje minimum, sidan talet 1 ikkje sjølv er med i mengda. Merk at mengda av alle tal mindre enn 1 verken har minimum eller infimum.

Sjå òg endre

Kjelder endre