Infinitiv er den grammatiske utgangsforma av verb. Infinitiv er ein del av latinsk grammatikk og tyder ubestemt (infinitus). Vi tek ofte utgangspunkt i infinitivet når vi skal omtale eit verb eller ramse opp dei øvrige grammatiske formene av verbet.

Infinitiv er ei infinitt verbform. Infinitivar fungerer syntaktisk som substantiv, dei er dermed substantiviske verbformer, t.d. å danse er artig, der infinitiven å danse er i same posisjon i setninga som eit substantiv vanlegvis ville ha vore.

Infinitiv i norsk endre

norsk er infinitiv markert med infinitivsmerket å, og ved at det vert lagt ein -a eller -e til den konsonantfinale ordstomnen. Verb som ender på vokalen i ordstomnen, får ikkje denne bøyingsendinga i infinitiv. Refleksive verb får i nynorsk infinitivsendinga -ast eller -as, eller -st attåt ordstomnen.

Døme:

  • å høyra eller å høyre
  • å sjå
  • å høyrast
  • å slåst

Av dei nordiske språka har islandsk og svensk halde på den norrøne endinga -a i infinitiv, medan ho i dansk er redusert til ein -e. I norsk bokmål endar infinitiv på -e. I norske dialekter og i nynorsk vert både endinga -a og -e bruka. Endinga -a vert bruka i klassisk nynorsk slik han var utforma av Ivar Aasen, midlandsnormalen brukte kløyvd infinitiv. Infinitiv på -e vart tillaten sideform ved rettskrivinga av 1917 og jamstilt med a-infinitiv ved læreboknormalen av 1959.

Infinitivsmerke endre

Infinitivsmerket å er utvikla frå ein preposisjon at. Tilvarende infinitivsmerke på grannespråka er att i svensk, at i dansk, zu i tysk, to i engelsk og de i romanske språk.

Sjå òg endre

Kjelder endre