Ingøy kyrkje

kyrkje i Måsøy kommune i Finnmark

Ingøy kyrkje står i fiskeværet Ingøy nord på Ingøya i Måsøy kommune i Finnmark og er ei langkyrkje frå 1957 bygd i betong og tre. Arkitekt for bygget var Eyvind Moestue.

Ingøy kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Måsøy
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Hammerfest
Sokn Måsøy
Fellesråd Måsøy
Type langkyrkje
Arkitekt Eyvind Moestue
Material betong og tre
Innvigd 1957
Sitjeplassar 120
Kart
Ingøy kyrkje
71°04′54″N 24°03′38″E / 71.081557°N 24.060463°E / 71.081557; 24.060463
Wikimedia Commons: Ingøy kirke

Soknerådet i Måsøy ynskjer pr. 2014 å kvitte seg med kyrkja, dei som vil halde henne ved like kan få henne gratis. Viss det ikkje fører fram kan dei kome til å avvigsle henne og selje bygget. Grunnen er at det trengst storvøle på særleg grunnmuren, noko dei ikkje har råd til å betale for.[1][2]

Tidlegare kyrkjer endre

Den fyrste kyrkja ein kjenner til på Ingøy var truleg frå 1300–1400-talet. På 1700-talet var denne kyrkja komen i svært dårleg stand, og i 1747 vart kyrkja flytt til Måsøya. I 1860-åra vart det igjen bygd kyrje på Ingøya. Denne kyrkja vart mykje skada i ein orkan og måtte gjenoppbyggast i 1880-åra. Kyrkja stod til ho vart brend ned av dei tyske styrkane då dei trekte seg ut av Finnmark i 1944. Dagens kyrkje vart bygd i åra 1956–1957.

Kjelder endre

  1. Robin Mortensen og Allan Klo (24. januar 2014). ««– Skal det være ei gratis kirke?»». nrk.no. Henta 28. mars 2014. 
  2. Bjørgulv K. Bjåen (23. januar 2014). ««Gir bort kirke»». vl.no, Vårt Land. Henta 28. mars 2014. 

Bakgrunnsstoff endre