Inge Krokann (fødd Ingebrigt Krokann19. august 189327. desember 1962)[1] var ein norsk forfattar frå Oppdal.

Inge Krokann

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. august 1893
Oppdal
Død

27. september 1962 (69 år)
Gausdal kommune

Yrke skribent, Forteljar
Inge Krokann på Commons

Han skreiv nynorsk med sterke innslag av oppdalsmål. Frå 1954 var Krokann statsstipendiat.

Han skreiv både romanar og lyrikk. Mest kjend er kan hende romanen I Dovre-sno. Handlinga er lagd til mellomalderen. I Lo-ætta frå Oppdal står det strid mellom heimlege naturkrefter og kristelege impulsar utanfrå. Forteljinga skal byggje på munnleg tradisjon frå Krokanns eiga ætt. Boka var fyrste del av eit verk som fortsette med Gjennom fonna (1931), På linfeksing (1934) og Under himmelteiknet (1941).

Krokann er elles kjend for å vera opphavsmann til nemninga det store hamskiftet i bondesamfunnet, eller berre hamskiftet. Uttrykket skriv seg frå den høgt verdsette artikkelen Det store hamskiftet i bondesamfunnet frå 1942. Her drøfter Krokann omlegginga innan jordbruket i Noreg på 1800-talet frå sjølvberging (naturalhushald) til meir pengehushald.

Krokann var utdanna lærar, men var ufør mykje av livet. Han døydde i Gausdal i 1962.[1]

Verkliste endre

  • 1929 – I Dovre-sno – Roman
  • 1931 – Gjennom fonna – Roman
  • 1933 – Olav Aukrust. Eit folkeskrift
  • 1934 – På linfeksing – Roman
  • 1936 – Blodrøter – Roman
  • 1937 – Då bøndene reiste seg. Ein av førarane: Ingebrigt Sæther
  • 1941 – Under himmelteiknet – Roman
  • 1942 – «Det store hamskiftet i bondesamfunnet» i bind 5 av Norsk Kulturhistorie
  • 1947 – Dikt – Diktsamling
  • 1949 – Ut av skuggen – Roman
  • 1952 – Gravlagt av lynet – Roman
  • 1959 – Hammarslaga – Roman

Utmerkingar endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 Toril Brekke. «Inge Krokann». Norsk Biografisk Leksion / Store Norske Leksikon. Henta 4. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff endre