Inge Ryan

norsk politikar

Inge Ryan (fødd 15. august 1956 i Overhalla i Nord-Trøndelag) er ein norsk politikar frå SV.

Inge Ryan

Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1956 (67 år)
Overhalla
Yrke politikar
Språk norsk
Verv Ordførar i Namsskogan kommune
Periode 1991-1995
Etterfylgjar Kåre Vik
Politisk parti Sosialistisk Venstreparti
Ektefelle Bjørg Tørresdal
Inge Ryan på Commons

Frå 2. november 2009 er han fylkesmann i Nord-Trøndelag.[1] Ryan var ordførar i Namsskogan kommune i perioden 1991–1995, medlem av Nord-Trøndelag fylkesting 1991–2001, nestleiar i SV 1997–2001, stortingsrepresentant 20012009 og parlamentarisk leiar i SV 2005–2009. Han har særleg vore oppteken av distriktspolitikk.

Biografi endre

 
Gerd Janne Kristoffersen (t.v.), Arild Stokkan-Grande og Ryan.
Foto: Nord-Trøndelag fylkesting

Ryan har studert historie ved Nordland distrikthøgskole i Bodø, og har pedagogisk utdanning frå Universitetet i Trondheim og leiarutdanning frå Høgskolen i Levanger. I tillegg har han utdanning frå lærarskole i Alta og Levanger 1977–1980, og han arbeidde som lærar i periodane 1975–1977 og 1980–1987 og som rektor 1987–1991. Han var lærar og pedagogisk konsulent 1991–1992, distriktsarbeidssjef 1994–1997 og dagleg leiar i Indre Namdal regionråd 1997–2001.

Ryan var ordførar i Namsskogan 1991–1995, varaordførar 1995–1999 og kommunestyremedlem 1999–2001. Han var leiar i Namsskogan SV 1992–1994, fylkestingsmedlem 1991–1995, og deretter medlem av fylkesutvalet 1995–2001.

19. juni 2008 offentleggjorde Ryan at han ikkje tok attval til Stortinget i 2009. Han vart i statsråd 19. desember 2008 utnemnd til fylkesmann i Nord-Trøndelag for ein periode på seks år, og trådde til då stortingsperioden var over.[2]

Ryan gifta seg hausten 2005 med kollegaen Bjørg Tørresdal frå KrF.

Stortingskomitear endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre