Inge Valen

norsk fotballspelar

Inge Magnar Valen (fødd 9. januar 1951) er ein tidlegare fotballspelar og idrettsleiar frå Stavanger. Han vart seriemeister med Viking Fotballklubb åra 1972-75 og sesongen 1979. Valen, som var midtbanespelar, vart i 1979 også cupmeister.

Klubbspel endre

Valen spelte på 3. divisjonslaget Sportsklubben Jarl frå 1968 til 70. Han melde seg så inn i Viking FK og fekk etterkvart fast plass i fyrsteellevaren. I fire sesongar på rad, 1972, 1973, 1974, 1975, gjekk Viking FK til topps i 1. divisjon. Hausten 1974 spelte Viking seg fram til NM-finale på Ullevål stadion, ein kamp som Skeid vann med 3 mot 1. I sin siste sesong med Viking, 1979-sesongen, vann Stavanger-laget og Valen både 1. divisjon og den norske meisterskapen i fotball. 21. oktober 1979 deltok Valen i sin siste Viking-kamp, cupfinalen mot SK Haugar enda med siger 2–1 til Viking.

Landslagsspel endre

Valen spelte 2 landskampar i august 1974. Begge kampane enda med norske 1–2-tap, fyrst mot Sverige og ei veke etter mot Finland.

Merittar endre

  • Seriemeister: 1972, 1973, 1974, 1975 og 1979 for Viking FK
  • Noregsmeister: 1979 for Viking FK

Ymse endre

Komikaren Kristian Valen er son hans.

Kjelder endre