Ingenmannsland viser til eit område som ligg mellom grenselinjene til to statar, eller langs fronten mellom to krigførande maktar slik at ingen av partane har kontroll over det.[1] Ettersom slike område ikkje er underlagt nasjonale lovar, gjeld i staden internasjonale rettsreglar og Genèvekonvensjonen. Slik er det òg ei nemning for omstridde område eller område ein stat ikkje vil ta kontroll over då ein er usikker på kva for internasjonale reaksjonar det vil kunna frambringe.

Britiske sanitetstroppar reddar ein såra tysk soldat ut av «ingenmannsland» under slaget ved Somme i 1916.
Verna sone av «ingenmannsland» gjennom Berlin

Omgrepet må skiljast frå interregnum, som viser til tidsrommet frå ein herskar har døydd eller gått av til den nye herskaren har teke over, eller det makttomrommet som oppstår når eit styre bryt saman utan at eit annan kan overta styret.

Historisk er omgrepet vore brukt om eit område utanfor London som ingen vedkjente seg eigedomsretten til. Dette vart brukt som fyllplass og avrettingsstad, der dei avretta vart hengjande til skrekk og åtvaring.

Omgrepet kom særleg i bruk under skyttargravskrigen under første verdskrigen, som nemning på området mellom dei tyske og dei allierte skyttargravene. Dette området varierte mellom å vera svært smalt eller ganske breitt, men var livsfarleg å ferdast i då dei var dekt av skyttarar og maskingevær frå begge sider, minelagt og fylt med piggtråd og ofte døde soldatar. Det var gjennom desse områda ein offensiv måtte føregå.

Under den kalde krigen låg det ei sone med ingenmannsland langs heile jernteppet, òg gjennom Berlin der blant anna Potsdamer Platz vart liggjande i denne sona. Detta var ein del av territoriet til austblokka, men dei trekte grenseinstallasjonane noko tilbake for å ha ei slik sone med ope land, ofte fleire hundre meter breitt, der dei i bakkant hadde gjerde, vakttårn, minefelt og liknande.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «ingenmannsland». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 

Bakgrunnsstoff endre