Ingrid Espelid Hovig

norsk programleiar

Ingrid Espelid Hovig (fødd 3. juni 1924Askøy, daud 3. august 2018)[1] var ein norsk husstellærar, programleiar og forfattar busett i Oslo.

Ingrid Espelid Hovig

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. juni 1924
Askøy kommune
Død

3. august 2018 (94 år)

Yrke kjøkkensjef, kokk, programleiar, matskribent
Politisk parti Venstre
Ektefelle Jan Inge Hovig
Ingrid Espelid Hovig på Commons

Oppvekst og utdanning endre

Ingrid Espelid vaks opp på Kleppestø på Askøy, og var elev ved Bergen Katedralskole frå 1938. Ho tok eksamen ved Statens lærarinneskule i husstell på Stabekk i Bærum i 1950.

Tidleg karriere endre

Ingrid Espelid arbeidde deretter som hustellærar og var tilknytt Opplysningskontoret for fisk. Dette innebar mellom anna at ho reiste rundt i talrike norske tettstader og viste folk korleis ein best kunne reinska og laga til fisk.

Fjernsynskjøkkenet endre

I 1964 vart ho programsekretær for kosthald, ernæring og forbrukarstoff i NRK. Mest kjend er Ingrid Espelid Hovig som programleiar for Fjernsynskjøkkenet gjennom mange år, ofte i lag med ernæringsekspert Kaare Norum. Espelid Hovig var eitt av dei aller fyrste tv-andleta i Noreg. Ho opptrådte allereie på NRK i 1956 da dei berre hadde prøvesendingar.

Kokebøker endre

Hovig gav ut si fyrste kokebok i 1967; Ingrid Espelid ber til bords, med oppskrifter frå Fjernsynskjøkkenet. Sidan har ho skrive eller bidrege i til saman over 50 kokebøker.

Eit utval bøker av Espelid Hovig:

  • Ingrid Espelid ber tilbords (1967), Det Norske Samlaget
  • Som ein dråpe i sand (1970)
  • Bli slank med et smil (1976)
  • Gyldendals store kokebok (ny utg. 1979)
  • Mine beste kjøkkentips (saman med Hans Jebsen 1980)
  • Den rutete kokeboken (1982)
  • God mat = god ernæring (saman med Kaare Norum, 1984)
  • Velkommen til mitt kjøkken (1985)
  • The best of norwegian traditional cuisine (1992)
  • Ingrid og kokkene (2000)

Prisar og utmerkingar endre

Espelid Hovig har motteke ei rekkje prisar i Noreg og internasjonalt for arbeidet sitt med mat og ernæring, og vart i 1994 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I høve 70-årsdagen til Espelid Hovig tok Faglig matråd same år til med utdelinga av Ingrid Espelid Hovigs matkulturpris, som vert tildelt personar som gjer ein særleg stor innsats for å formidla norsk mat og matkultur.

Politisk engasjement endre

Ingrid Espelid Hovig var medlem av partiet Venstre. Ho stod på 42. plass på Venstre-lista i Oslo ved kommunevalet 2007, ved stortingsvalet 2009 sto ho på 20. plass på Venstre-lista i Oslo og ho sat i lokallagsstyret i Frogner og Majorstuen Venstre.

I 1968-69 deltok ho i Fredskorpset i Uganda.

Familie endre

Foreldra til Ingrid Epelid var forretningsføraren og herradsagronomen Ivar Espelid (1880–1946) og lærar Gudrid Eidnes (1883–1959). Inkludert Ingrid hadde dei fem born. Venstre-politikaren Mons Espelid var ein av brørne. Den eldste broren Halldor Espelid vart avretta etter å ha rømd frå krigsfangeleiren Stalag Luft III under den andre verdskrigen. Namna til systrene er Malmfrid og Gunvor.

Ingrid Espelid Hovig var gift med arkitekten Jan Inge Hovig. Ektemannen døydde kort tid etter giftemålet i 1977.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Carlsen, Helge (3. august 2018). «Ingrid Espelid Hovig er død». NRK (på norsk bokmål). Henta 3. august 2018.