Ingrid Heggø

norsk politikar

Ingrid Bjørketun Heggø (fødd 12. august 1961 i Høyanger i Sogn og Fjordane) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var innvald på Stortinget frå Sogn og Fjordane i 2005 til 2021. Ho var vararepresentant i perioden 1997 til 2001.

Ingrid Bjørketun Heggø

Fødd12. august 1961 (62 år)
Høyanger
Statsborgar avNoreg
PartiDet norske Arbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Utdanna vedHandelshøyskolen BI
VervStortingsrepresentant
Alle verv

Ho er utdanna ved Handelshøyskolen BI, og har der teke grunnutdanning i bank (1981–1983), bankfag (1983–1988), internasjonalisering (1998), bedriftsanalyse I og II (1999–2000) og strategisk leiing og bedriftsutvikling (2000). Frå 1980 til 1981 arbeidde ho som operatør ved Fundo Aluminium, og i perioden 1981–2001 hadde ho ymse stillingar i Vestlandsbanken og Fokus Bank.

Heggø var medlem i styret i både Høyanger AUF og Sogn og Fjordane AUF frå 1977 til 1980. Frå 1992 til 1995 var ho kasserar og styremedlem i Høyanger Arbeidarparti, leiar frå 1995 til 2003, og i perioden 2003–2005 var ho igjen kasserar og styremedlem. Ho vart vald inn i Høyanger kommunestyre for perioden 1991–1995, og ho var varaordførar i kommunen frå 1995 til 2003. Frå 2001 til 2005 var ho også sekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

I perioden sin på Stortinget har ho vore medlem av Justiskomiteen 2005-2009, Næringskomiteen 2009-2017, og Finanskomiteen 2017-2021. Varamedlem i Valkomiteen 2005-2009 og fast medlem 2013-2021. Sidan 2007 har ho også vore med i sentralstyret i Arbeidarpartiet.

Heggø er ei av berre seks kvinner frå Sogn og Fjordane som har representert fylket på Stortinget.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre