Ingvild Lothe (fødd i 1990) er ein norsk forfattar. I 2016 bokdebuterte Lothe med diktsamlinga Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt. Boka var ein suksess med eit femte opplag planlagd i 2019, noko som er uvanleg for diktsamlingar i Noreg.[1] I 2019 kom hennar første roman, Havfruehjerte, ut.[1]

Ingvild Lothe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1990 (34 år)
Yrke skribent, lyrikar

Bakgrunn endre

Ingvild Lothe kjem frå Stord og er utdanna ved forfattarstudiet i Bø og masterprogrammet i Litterär Gestaltning ved universitetet i Gøteborg.[2] Ho har også skrive kritikk for Natt & Dag.[3]

Resepsjon endre

Lothe har fått merksemd for sitt forfattarskap utanfor Norge. I Danmark har ho blitt samanlikna med danske poetar som Caspar Eric, Sofie Diemer og Maja Mittag, som er kjent for å knytte det kjenslemessige og kroppslege til det sosiale. Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt hausta god omtale i den danske avisa Information – sjølv om boka ikkje var omsett til dansk.[4] I 2018 blei bokdebuten omsett til tysk og svensk.[5]

Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt kom ut i 2016, meinte Morgenbladet at Lothe utleverar si eiga samtid meir enn ho utleverar seg sjølv, noko mange forfattarar i hennar generasjon (mellom anna Kenneth Moe og Linnéa Myhre) gjerne blir skulda for å gjere.[6]

Bergens Tidende gav Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt fire av seks hjarte, og anbefalte boka for «den blyge lærer som trenger et alibi i seksualundervisningen».[7]

Dikta til Lothe har blitt hyppig delt av sine lesarar i sosiale medium som Instagram.[treng kjelde]

Bibliografi endre

  • Når jeg blir stor vil jeg bli åtte år (2014; chapbook)[3]
  • Litt lyst til å pule, litt lyst til å dø (2015; chapbook)[8]
  • Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt (2016; dikt)
  • Havfruehjerte (2019; roman)

Priser endre

  • 2017: Gode Føremåls-prisen

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Olaf Haagensen (28. juni 2019), «Havfruedrømmer», morgenbladet.no (på norsk bokmål), henta 28. juli 2019 
  2. «Ingvild Lothe», Kolon, henta 28. juli 2019 
  3. 3,0 3,1 «NÅR JEG BLIR STOR VIL JEG BLI ÅTTE ÅR – INGVILD LOTHE», Ett av sveriges största förlag (på svensk), 4. mars 2014, henta 28. juli 2019 
  4. Bastkjær, Martin (9. desember 2016), «Så sød, så trist», Information (på dansk), henta 28. juli 2019 
  5. «Ingvild Lothe solgt til Tyskland og Sverige», Kolon, henta 28. juli 2019 
  6. Beddari, Carina Elisabeth (4. november 2016), «Ingenting fancy», morgenbladet.no (på norsk bokmål), henta 28. juli 2019 
  7. «Dikt for den blyge lærer som trenger et alibi i seksualundervisningen», www.bt.no (på norsk bokmål), henta 28. juli 2019 
  8. «Litt lyst til å pule... : AFV Press», www.afvpress.com, henta 28. juli 2019