Inishark eller Inishshark (Inis Aircirsk) er ei lita øy like vest for den større naboøya Inishbofin i County Galway på vestsida av Irland. Øya er i dag utan folk og dei siste 23 innbyggjarane i dette tidlegare isolerte fiske- og jordbrukssamfunnet vart evakuert i 1960. Øybuarane hadde ikkje kunne forlate øya i fleire månadar om vinteren og regjeringa valde å flytte dei til fastlandet i staden for å byggje ein dyr molo på øya.

Inishark
Lokalt namn Inis Airc
Geografi
Inishark is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 53°36′42″N 10°16′58″W / 53.61167°N 10.28278°W / 53.61167; -10.28278

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Galway

Demografi
Folketal 0

Som Inishbofin består Inishark nesten berre av silurisk skifer. Ho er 100 meter på det høgaste.

Øya sin vernehelgen var St. Leo. Restane etter ei kyrkje på Inishark frå 1800-talet er kalla opp etter han.

Kjelde endre