Inishbiggle (Inis Bigilirsk) er ei lita øy utanfor kysten av County Mayo i Republikken Irland. På irsk tyder namnet «Fasteøya». Øya ligg mellom Achill og fastlandet. Ein kan nå øya med båt frå anten Doran's point ved Ballycroy eller Bullsmouth på Achill. Øya er 2,5 km lang og 1,5 km brei og har eit areal på 2,6 km².

Achill
Lokalt namn Inis Bigil
Geografi
Inishbiggle is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 53°59′N 9°54′W / 53.983°N 9.900°W / 53.983; -9.900

Areal 2,6 km²

Administrasjon
Land Republikken Irland
Grevskap Mayo

Demografi
Folketal 23

For tida bur det 23 menneske på øya, som hovudsakleg driv med sau og kveg og fiske. Øya har eit skulehus og eit postkontor, men begge desse er ikkje i bruk lenger. Det har vore snakk om å byggje ei kabelvogn over den farlege Bullsmouth-kanalen mellom øya og Achill, men planane er skrinlagt fordi det vart for dyrt. Uforutsigbare straumar i kanalen om vinteren gjer stundom at det ikkje er mogeleg å kome til øya, sjølv om turen over i fint vêr berre tar om lag ti minutt.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre