Inishmore
Inishmore (irsk Inis Mór eller Árainn Mhór) er ei øy i Galway Bay i Republikken Irland og er den største av dei tre Aranøyane med eit areal på 30 km². Fram til 1900-talet vart øya kalla Aranmore eller Árainn Mhór («Store Aran»), men sidan det alt eksisterte ei øy med namnet Arranmore i County Donegal endra engelske landmålarar på midten av 1800-talet namnet på øya for å unngå forvirring.
Inishmore Lokalt namn Inis Mór | |
---|---|
East Beach på Inishmore | |
Geografi | |
Stad | Galway Bay |
Koordinatar | 53°07′25″N 9°43′39″W / 53.12361°N 9.72750°W |
Øygruppe | Aranøyane
|
Areal | 30 km² km²
|
Administrasjon | |
Land | Irland |
Grevskap | Galway |
Største busetnad | Cill Rónáin (270 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 824 (2006)
|
Øya er kjend for sin sterke irske kultur, der øybuarane har irsk som morsmål, og for dei mange førkristne og gamle kristne stadane, som Dún Aengus, «det flottaste barbariske monumentet i Europa»[1]
Inis Mór er ein stor turistdestinasjon. Private minibussar, hestevogner og syklar er dei beste måtane å kome seg rundt til dei mange landemerka om sommaren. Den største landsbyen på øya er Cill Rónáin.
Inishmore var fødestaden til forfattaren Liam O'Flaherty og barndommen hans går mykje igjen i forfattarskapet hans.
Kjelder endre
- ↑ George Petrie, arkivert frå originalen 2. mars 2012, henta 15. oktober 2007
- Denne artikkelen bygger på «Inishmore» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2007.