Innocent av Mike Oldfield

Innocent
Singel av Mike Oldfield
frå albumet Earth Moving
Utgjeve 1989
Innspelt kring 1988–1989
Sjanger Pop, rock
Lengd 5:35
Selskap Virgin
Låtskrivar(ar) Mike Oldfield
Produsent Mike Oldfield
Daniel Lazerus
Mike Oldfield-kronologi 
«Earth Moving»
(1989)
Innocent «(One Glance is) Holy»
(1989)


«Innocent» er ein song av den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1989 på albumet Earth Moving og med vokal av Anita Hegerland.

Inspirasjon endre

I følgje eit intervju med Mike Oldfield og Anita Hegerland i TV-programmet Good Morning Britain, var songen inspirert av den yngste dottera deira, Greta, som òg er med i musikkvideoen. Oldfield og Hegerland framførte ein akustisk versjon av songen i programmet.[1]

Innhald endre

  1. «Innocent» (12" mix) – 5:35
  2. «Innocent» – 3:25
  3. «Earth Moving» (discoversjon) – 4:02

Salslister endre

Liste (1989) Plassering
Nederland (Mega Single Top 100)[2] 45
Tyskland (Media Control AG)[3] 8

Andre versjonar endre

Ein versjon av songen vart spelt inn og gjeve ut av den tyske dance-gruppa Groove Coverage. Denne nådde 48. plassen på singellista i Austerrike og 38. plassen i Tyskland i 2010.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre